Bestill

«Ka syns du e det beste med Norge?»
«Helt seriøst? Tja… Fjell? A-ha?»

Asta og Live bur i lag i Ålesund. Dei likar sein frukost, kattar, heimekveldar med japansk tema i kimono og judodrakt – og kvarandre. Live elskar å sette i stand gamle stolar, medan Asta har vendt tilbake til jobben som journalist i Sunnmørsposten, mest som ein søvngjengar. Noko traumatisk har hendt henne, og såra på innsida er dei som tar lengst tid for å gro.

Når Asta kjem over ei sak om ein asylsøkar som har gått under jorda etter å ha blitt utvist frå Norge, blir synet hennar på livet og verda sett på spel.

Med A HUMAN POSITION har Anders Emblem laga ein varm, smått melankolsk og heilt spesiell filmfortelling om det moderne Norge – sett frå Ålesund. Filmen er laga på lavbudsjett, med statistar frå byen, lokale krefter foran og bak kamera, og Amalie Ibsen Jensen i hovudrolla som Asta. Etter flotte kritikkar på anerkjente filmfestivalar er filmen no klar for norsk kino. I kveld blir det førpremiere i Ålesund.

Filmen blir introdusert av kultursjef Oskar Skulstad. Regissør og skodespelarar svarer på spørsmål etter visninga, før det blir premierefest i foajeen. Alle er velkomne!

Priser

Fra:
NOK 140

Kontakt

Adresse:
  • Parkgata 3B, Ålesund
  • 6003
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Førpremiere // A human position i Ålesund?