Den første autoriserte nasjonale turstien i Noreg

Ei mektig naturoppleving nær elva.

Fosseråsa er ein av dei finaste og best tilrettelagde turstiane i Geiranger. Råsa er skilta og går frå Geiranger sentrum og opp til Storsæterfossen, ein av dei mange flotte fossane i verdsarvbygda. Turen byr på rike opplevingar undervegs, og består av tre etappar:

1. etappe – til Norsk Fjordsenter

Start ved Joker i Geiranger og følg kommunevegen sørvestover (til høgre), forbi skulen og Geiranger camping og over brua. På andre sida av elva følgjer du vegen oppover til venstre. På Gjørva går du forbi den gamle, særprega kraftverksbygningen og kjem opp i trappa av cortenstål. Dei 327 trappetrinna fører deg heilt opp til besøkssenteret for verdsarven Vestnorsk fjordlandskap.

Lengde: 0,9 km

Høgde: 90 høgdemeter

Tidsbruk: ca. 20 min

Attraksjonar/opplevingsverdiar:

• kraftverket på Gjørva frå 1928, det tredje i bygda

• Fossevandringa og trappa av cortenstål med utsynsplatå mot fjorden

• Storfossen

• Mjelvaverket frå 1907, truleg det første vasskraftverket på indre Sunnmøre

• besøkssenteret for verdsarven (Norsk Fjordsenter) med utstillingar, kafé og butikk

2. etappe – til Vesterås (Westerås Gard)

Frå Norsk Fjordsenter held du fram over trebrua mot Hotel Union. Der svingar du til høgre, går ca. 100 meter oppover langs vegen før du tek av til venstre ved skilta veg. Ein grusveg kryssar over bøen og går opp i «Mørkja», ei skogsli der gamlevegen til Vesterås gjekk. Stien er dels gruslagd og dels steinsett. Nokre parti er enno ikkje utbetra, men på heile strekninga er det ein brei og tydeleg sti som slyngar seg oppover den lune skogslia. Råsa endar ved fjellgarden på Vesterås.

Lengde: 1,5 km

Høgde: 230 høgdemeter

Tidsbruk: ca. 45 min

Attraksjonar/opplevingsverdiar:

• sjølve råsa (stien)

• ruinar etter gamle høyløer

• edellauvskog

• gamle murar

• idyllisk skogsvandring med fuglesong

3. etappe – til Storsæterfossen

Frå fjellgarden Westerås følgjer du vegen søraustover (til høgre) forbi hyttene, og svingar straks opp traktorvegen til venstre. Det står turskilt i vegskiftet. Traktorvegen kryssar dei brattlendte bøane. Deretter går du til venstre gjennom ei lita grind og er over på råsa. Store delar av råsa vidare opp til Storsæterfossen er steinlagd, og ho går i slynger opp lia. Om lag halvvegs møter denne råsa gamleråsa opp frå Vesterås. Dette kan vere ei alternativ rute for tilbaketuren ned att, men merk at her er det ikkje noka tilrettelegging, berre ein naturleg sti, og terrenget er litt meir krevjande. Storsæterfossen ligg i dalmunningen inn mot den flotte Vesteråsdalen. Frå hovudråsa går det ein kort sti ned til platået over fossen. Herifrå kan du gå vidare bak sjølve fossen på ei smal rås. Eit gjerde sikrar deg mot avgrunnen.

Lengde: 1,5 km

Høgde: 240 høgdemeter

Tidsbruk: ca. 45 min

Attraksjonar/opplevingsverdiar:

• Westerås gard (restaurant og hytteutleige, ope i perioden mai-september)

• kulturlandskapet kring Vesterås

• Liastølen

• Storsæterfossen

• fjord- og fjellutsyn

• blomeenger

Turruta er skilta frå startpunktet og i alle stikryss. Undervegs er det sett opp fleire informasjonstavler som fortel om natur- og kulturhistoria. Alle tavlene tek utgangspunkt i vatn.

Svært mange går Fosseråsa, særleg den første delen. Men det er også råd å nyte naturen her så å seie åleine – berre du og suset frå fossen, fuglesongen og vinden som kviskrar i lauvet. Det er ei god naturoppleving!

God turutrusting

Turopplevinga er best dersom du er fornuftig kledd og skodd, og har med deg rett utstyr:

• Bruk fjellsko eller gode joggesko.

• Kle deg etter vêret. Hugs at det kan vere kaldare og meir vind høgre oppe i terrenget. Særleg haust og tidleg vår kan det vere lurt å ha med hue og vindtett jakke. Ha gjerne ei ulltrøye inst.

• Ta gjerne med bygdenært turkart. Det kan du kjøpe for 10 kr på Joker, Turistinformasjonen og Besøkssenter verdsarv / Norsk Fjordsenter.

• Manglar du utstyr, kan du låne ein tursekk med førstehjelpsutstyr, kart, turkoppar m.m. på Besøkssenter verdsarv (depositum). Her er det òg etablert ein utstyrsbase med anna relevant friluftsutstyr (utleige).

• Du kan bestille «Fosseniste» og drikke på Cafe Ole i Geiranger sentrum. Bestill dagen før du skal gå turen, via post@olebuda.no eller tlf. 95 24 64 88.

Sporlaus ferdsel – gode naturopplevingar for alle

Ferdast mest mogleg sporlaust i naturen. Då bidreg du til at andre òg får gode naturopplevingar, og til at dyre- og planteliv ikkje vert uroa eller skadd.

• Rydd etter deg og ta med all søppel heim.

• Bruk WC der det finst. Naturen er ikkje eit toalett. Må du på do ute i naturen, så legg avføringa i groper minst 60 meter unna vatn og i god avstand til stiar der folk ferdast.

• La ville dyr og fuglar vere i fred.

• Plukk ikkje blomar som er freda. Elles kan du gjerne plukke deg ein bukett, men ta aldri med rota.

• Lat att grinder etter deg, og forstyrr ikkje dyr på beite.

• Hugs bandtvangen 1. april–31. oktober av omsyn til beitedyr.

• Hugs forbodet mot eld i skogsmark frå 15. april–15. september.

• Lat kulturminne få stå i fred. Dette gjeld òg gamle murar. 

• Bygg ikkje små vardar som minne etter deg sjølv. Skriv heller namnet ditt i turboka der du har høve til det.

Vi ønskjer deg ei god turoppleving langs Fosseråsa.

Vi set pris på å få ei tilbakemelding frå deg. Send oss gjerne nokre ord på e-post til post@verdsarvfjord.no 

 

Kontakt

Adresse:
  • 6216 GEIRANGER
Telefon:
70 26 38 10
E-post:
post@verdsarvfjord.no
Nettside:

Hvor er Fosseråsa - nasjonal turiststi?