Fossestien er ein vandreveg frå Gaularfjellet til Viksdalen, 21 km med høgdeskilnad på 500 m. Stien fylgjer gamle stiar opptrakka av dyr og menneske. På strekninga er det 14 større fossar og 7 vatn. Denne flotte naturstien fylgjer den eine hovedgreina av Gaularvassdraget, som vart varig verna i 1993 etter mange års strid.

Fossestien er tydleg merka med raud F'ar, retningspiler, namneskilt og avstandar. Vandringa går vekselvis på sti, trebruer og klopper langs elva og i ulikt skogsterreng. Du passerar fleire stølsområde der ein støl framleis er i dagleg drift. Nedste dalen har eit trant juv med bratte sider, ein liten canyon. Stien går gjennom frodig vegetasjon med rikt dyre- og fugleliv, men også tett forbi kulturlandskap med aktiv gardsdrift. Langs stien finst mykje skogsber og sopp av mange slag. Det er kjø (aure) langs heile elva og i alle vatna. Fiskekort kan du kjøpe på forretningane og overnattingsstadane i området.

Du kan starte vandinga på fleire stadar langs stien. 
4 stadar er tilrettelagde med skilt, kart og parkeringar: Tornesstølen, Longestølen, Likholefossen og Eldal. Du kan gå deler av stien eller heile turen.

Stien er kupert og fottøyet må vere godt. Vandrevegen høver ikkje til sykling eller riding. Ta med niste, fotoapparat og fiskestong.

  • Tornesstølen - Longestølen, 6 km: 2 - 3 timar.
  • Longestølen - Likholefossen, 7 km: 3 - 4 timar.
  • Likholefossen - Oppedal, 6 km: 2 - 3 timar.
  • Likholefossen - Eldal, 9 km: 3 - 5 timar.

Besøk Fossestien i Viksdalen, overnatting hos Hov Hyttegrend fra kr. 400,- for 2 vaksne og 2 barn. Prisen inkluderer transport til startpunkt for stien, i tillegg til eit kart over Fossestien.

Kontakt

Adresse:
  • 6978 VIKSDALEN
Telefon:
+ 47 57 71 79 37
E-post:
ottar.hov@online.no
Nettside:
www.fossestien.no

Fasiliteter

Avstand:
  • 21km
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Varighet:
  • Dagstur (4-12t)
  • Kort tur (0,5-3t)
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Skogsområde
  • Innsjø
  • Elv
  • Foss
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Fossestien i Eldalsdalen, Viksdalen?