Aktiviteten passar godt både for familiar og grupper, lag og organisasjonar. Spennande aktivitet der "alle" kan delta, veldig sosialt der konkurranseelementet heile tida ligg i botnen og "triggar" deltakarane.

Drop in! Du treng ikkje bestille time på fotballgolf. Du kjem, les informasjon ved start, spelar og betalar med VIPPS. Større grupper bør bestille spel for å vera sikra plass.

Både kultur- og naturlandskapet er teke i bruk for å skape ein bane med særpreg. Poenget er å flytte ballen frå utsparkspunkta til hola på færrast mogleg spark. Dei ulike hola har varierande vanskegrad med både naturlege og heimesnekra hinder.

Fire personar brukar om lag ein time på ein runde.

Vaksne: 130 kr per spel, (220 kr for to rundar)
Born (< 15 år): 80 kr per spel (120 kr for to rundar)
Familie: 350 kr per spel (550 kr for to rundar)
Sesongkort: 1 250 kr

Grupperabatt er også tilgjengeleg.

Kilde: Visit Voss

    Kontakt

    Adresse:
    • Ænsmoen 52
    • 5710
    • Skulestadmo
    Telefon:
    +47 97187925
    E-post:
    post@eenstunet.no
    Nettside:
    www.eenstunet.no

    Hvor er Fotballgolf på Eenstunet?

    Fjord Norways sekundærlogo