Sentrum-Hedler-Mjølkeflaten-Stødno-Øyabrua-Sentrum Start frå sentrum. Gå over brua mot Fodnestunnelen (riksveg5) og ta til venstre. Gå langs stranda. Du kan gå Mjølkeflaten (81m.o.h) direkte eller om Jektesanden. Frå Mjølkeflaten går du vidare mot Stødno, gardsvegen til Øyabrui og vidare langs elva mot sentrum. Runddturen tek omlag 2 timar. Sentrum – Storehaugen – Hogneåsen – Habben – Sentrum Start frå Sviggum (krysset der vegen mot sjukehuset går); her er det godt merka sti heilt opp til Storehaugen vel 900 moh. Du kan returnera same veg, eller du kan gå på sti i om lag same høgd vestover til du kjem til stølen Hogneåsen (knapt 2,5 km i luftlinje). Herifrå går det god sti heilt nedatt til bilvegen, du kjem ned ikkje langt frå Lærdal hotell og kan returnera til sentrum eller Sviggum til dømes gjennom Gamle Lærdalsøyri Sentrum -Oftedalen Start ved Oftebrua som ligg cirka 300 meter aust for sjukehuset (cirka 2 km frå sentrum, ein kan gå frå sentrum til Øyabrua langs elva. ) Gå oppover langs elva Ofta på venstre side til stølsbrui, over denne til informasjonstavla der stølsvegen byrjar. Grei veg med turrettleiing og stadnamnskilt. Det er vakkert kulturlandskap og fin utsikt mot dalen og fjorden. Oftedalen ligg ca 780 m.o.h. og turen tek omlag 2 - 3 timar frå Ofta. Alternativt kan ein ta miniturar til Nedre Vangen (85 m.o.h.), Øvre Vagen (180 m.o.h) eller Løberghaugen (375 m.o.h.)

Kontakt

Adresse:
  • 6887 LÆRDAL
Telefon:
99231500
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:

Hvor er Fotturar rundt Lærdal sentrum?