Bestill

– Eit samarbeid mellom Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk med dirigent Terje Tafjord og Blindheim Musikklag med dirigent Roar Gangstad. I tillegg til musikarar på elbass, keyboard og gitar. Det blir også ei avdeling med Frode Alnæs aleine.

Her kjem perler på rad som:
Everyone needs a friend, The Invisible Man, Storm, Long December Night, Soleil Soleil og mange fleire låter frå Dance with a Stranger samt Frode Alnæs.

"Frode Alnæs - Aldri kjedelig"
Få kan skilte med heile 40 år på konsertscena, og samtidig vere like etterspurt. Mannen som blir rekna som ein av Noregs beste gitaristar og låtskrivere ser seg sjeldan tilbake. Han er alltid på veg vidare, meir produktiv enn nokon gong - og ser fram til å feire jubileet med ny musikk.

Frode Alnæs er kjent for den unike evna si til å kommunisere med publikum, noko som har gjort han til ein av våre mest folkekjære artistar. Det er aldri kjedeleg når Frode står på scena. Han er omgjengeleg og byr alltid på musikalske overraskingar og godt humør.

Frode Alnæs er kjent som gitarvirtuosen, «sjefen» og opphavsmann til alle av låtene til «Dance With A Stranger». Han har gitt ut fem soloplater i eige namn, den siste «Beste tia mi» kjem i mars 2022. Dette berre tre månader etter han gav ut julealbumet «Lang desember natt» i 2021. Han har levert ei rekke bestillingsverk til ulike festspel og festivalar. Han er òg ein etterspurd solist med orkester, storband, kor, korps og band, både som gitarist og songar. For eit par år sidan gjesta han over 60 kulturhus over heile landet med kritikarrosten sin soloframsyning «Dansen min med strenger». Er det nokon som verkeleg har betydd noko i norsk musikkliv gjennom 40 år, så er det Frode. Både som låtskriver, gitarist, vokalist og entertainer."

Vigra og Valderøy ungdomsmusikk (VVUM)
Dirigent er Terje Tafjord
Korpset har janitsjarbesetning og ca 25 medlemmar frå 15 år til over pensjonsalder. Valderøy Ungdomsmusikk vart starta i 1964 og slått saman med eit ”salongorkester” frå Vigra i 1969. Dei spelar variert musikk innan dei fleste musikksjangre. Jazz, swing, rock, populærmusikk m.m, og har lave skuldrar og godt humør på øvingane sine.

Blindheim musikklag – Eit sosialt voksenkorps i indre bydel i Ålesund.
Dirigent Roar Gangstad
Korpset har janitsjarbesetning, 40 medlemmar derav ca 30 aktive musikarar no etter Covid. Musikklaget vart starta i 2008 og har som formål å ha ein sosial profil og fremme interesse og utøving av musikk. Laget skal også vere støtte for Blindheim Skolekorps.

Visninger

Parken kulturhus (Ålesund)
06. november:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Parkgata 3B
  • 6002 Ålesund
Telefon:
70 16 24 68
E-post:
hans.pareliussen@alesund.kommune.no
Nettside:
parkenkulturhus.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=1427&MId1=18387

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Frode Alnæs – dansar med korps // Parken kulturhus?