Bli med å rafte på elva Bjoreio i Øvre Eidfjord! Dette er ei morosam, spennande og utfordrande oppleving.

Fun rafting med Best Adventures passar for barn og vaksne, og er ein fin aktivitet for både familiar og venner. Nedre aldersgrense er 7 år, og barnet må då vere saman med føresett. Opplegget startar på senteret til Best Adventures, og elva ligg 100 m frå møtepunktet. Raftane er for to til fire personar, og du får opplæring i korleis handtere utfordringane i elveløpet. På turen blir du tatt med nedover fartsfylte stryk og rolegare elveparti. Inkludert i prisen er våtdrakter og alt nødvendig sikkerheitsutstyr. Ta med badetøy til å ha under våtdrakta, og handkle. Sesong er ca. frå midten av juni og ut august, varigheita på opplegget er mellom 2-2.5 timar.​​​​

 

Kontakt

Adresse:
  • Sæbøtunet 4
  • 5784 Øvre Eidfjord
Telefon:
47606847
E-post:
info@bestadventures.no
Nettside:
www.bestadventures.no/

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)
Sesong:
  • Sommer

Hvor er Fun rafting – Best Adventures?