Bestill

Bli med MS Atløy på fyrsafari til Kvanhovden, Ytterøyane og Stabben fyr! Turen går med veteranbåten MS Atløy på ein fantastisk rundttur i Florø-skjergarden. Atløy er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphaveleg stand. Båten gjekk i to mannsaldrar i lokale ruter over heile Sogn og Fjordane. 

Båten vil gå kvar tysdag, torsdag og søndag i perioden 21. juni - 16. august.

Tysdag og torsdag: Avgang kl. 17.00 frå Kolkaia i Florø

Søndag: Avgang kl. 13.00 frå Kolkaia i Florø

Pris: Vaksen 400,- Barn 200,-

Om turen

Turen vil gå nordover gjennom det trange Nærøysundet før den går på austsida av øya Hovden. Her rundar båten Nord-Hovden før den kjem til Kvanhovden fyr. 

Kvanhovden fyr Fyret ligg heilt nordvest på Hovden mot det opne hav, og leiar båtane inn frå Nordsjøen. Landskapet er mystisk og storslått, der fyret ligg 40 meter over havflata på ein knaus av runde svarte berg slipt av storhavet i årtusener. Dei spesielle omgjevnadane på Kvanhovden skuldast Nordsjøen sin nådelause herjing og den særeigne devonske sandsteinen og konglomerat som utgjer berggrunnen. Fyret ligg på ein liten pynt mellom storhavet og den stupbratte Skorakinn, det høgste fjellet på øya. I fjellskråninga bak fyret ligg ei djup, mystisk leirhole. "Leirhole" som har skjult folk i tider med krig og naud. Fyret vart bygd i 1895 og automatisert i 1980.

Turen går vidare sørover over Hellefjorden med majestetiske Store Batalden på utsida og naturskjønne Vevlingen på innsida. Her seglar båten gjennom trange sund mellom holmar og skjær utover til Båsundet, nordvest for Skorpa. Herifrå går turen rett vest til Ytterøyane fyr. Båten seglar forbi Nærøya der det kring 1860 var eit yrande liv med hus og folk. No er det berre nokre grunnmurar igjen. 

Ytterøyane fyr  Fyret har eit 20 meter høgt støypejernstårn som står på ein høg, åttekanta betongsokkel. Med sokkelen er tårnet 31 meter høgt. Rett ved fyret står maskinhus, bustad og uthus. Ved veien ned til naust og landing ligg tuftene etter ei smie. Området er rik på flora og fugleliv og er verna som naturreservat etter lov om naturvern. Fyret vart bygd i 1881 og automatisert i 2004. Frå Ytterøyane fyr seglar vi Skorpefjord inn til Stabben fyr.

Stabben fyr Fyret vart bygd i 1866 og står på eit glatt, avrunda skjer midt skipsleia. Fyrhuset står på ein vel fundament steinsokkel, sett i mørtel, sambunden med jern. Stabben fyrstasjon er ein del av dei mest særprega fyra i landet og fyret er lett synleg både i skipsleia og frå kystbyen. Fyret vart reist grunna det ureine og straumsterke farvatnet. Truleg eit av dei vanskelegaste navigasjonspunkta på norskekysten, noko dei mange forlis og grunnstøytingar fortel om, også etter at fyret vart tent. Fyret vart automatisert i 1975.

Turen vil ta ca 3,5 - 4 timar. Det blir ikkje mogleg å gå i land på fyra, men her kjem fotomotiva på rekke og rad, det er mykje å sjå frå båten. ​​Det blir sal av øl, vin, kaffi og brus ombord.  ​

Priser

Fra:
NOK 400

Kontakt

Adresse:
  • 6900 Florø
Telefon:
90098990
E-post:
leiar@atloy.no
Nettside:
www.atloy.no

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Toalett:
Sesong:
  • Sommer

Hvor er Fyrsafari til Kvanhovden, Ytterøyane og Stabben fyr?