Museet viser lokal fiskerihistorie og levesett gjennom foto, reiskaper og utstyr, bøker og modellbåtar. Museet er også mykje brukt som festlokale for gjestar som leiger her og for besøkande på blåtur o.l.
Guida omvising
Guida omvising i sommarsesongen etter avtale. Grupper (4-15 pers.) etter avtale. Omvisinga gjeld også Galleri Havbu og Havbumuseet.
Reiseforslag
Du kan ta rutebåt frå Florø kl.14.30 og vere i Store Batalden kl.15.15. "Sea Service" går tilbake kl.16.30. Vil du kombinere omvising med ein tur på øya, kan du ta kveldsbåten tilbake ca. kl.21.00.