Galleri Moster Amfi har varierte utstillingar gjennom heile året. Her får etablerte kunstnerar og unge kunstnarspirer visa sin kreativitet og skaparglede i Amfisalen, Amfikafeen og i inngongspartiet.

Galleri Moster Amfi er ope for alle som vil nyta, undrast, få inspirasjon, investera, gi ei gåve eller unne seg noko nytt på veggen.

Kunstutstillinga fylgjer Amfikaféen sine opningstider. I Amfikaféen tilbyr ein på bestilling både enkle og avanserte måltid.

NB! Sjå nettsida til Moster Amfi i forhold til opningstider samt opningstider i samband med heilagdagar.

Kontakt

Adresse:
  • 5440
  • Bømlo
Telefon:
+47 53 42 66 20
E-post:
post@mosteramfi.no
Nettside:
mosteramfi.no/

Hvor er Galleri Moster Amfi?