Bestill

Sentralt i Hardanger, med fantastisk utsyn over fjorden, ligg Steinstø fruktgard. Her har dei lang erfaring med å ta i mot gjestar. Vertskapet lagar opplegg til grupper på bestilling, og tilpassar innhaldet til dei besøkjande sitt tidsskjema. Eit besøk på Steinstø kan inkludere omvising i frukthagen, og pressing av eple til saft. I tillegg til omvising kan matoppleving og sidersmaking vere del av gardsbesøket.

På Steinstø fruktgard vert det produsert ulike typar sider. Blir du med på sidersmaking fortel vertskapet om garden, korleis sideren vert laga, og du får bli med inn i produksjonslokalet. Sidersmakinga kan føregå utan mat, med fingermat eller med fullt måltid. Desse alternativa er for grupper over 10 personar, og varigheit og pris er avhengig av kva alternativ du vel. Frukt og sider er ein viktig del av kulturen i Hardanger. Eit besøk på Steinstø Fruktgard vil ta deg tettare på folka som bur her, og kulturen dei tek i vare.

Reiser du ikkje i gruppe? Med Hardangerfjord Adventure sin Fjord og fruktsafari med RIB båt kan du likevel besøkja Steinstø Fruktgard og smake Hardanger Sider.

Kontakt

Adresse:
  • Fyksesundvegen 768
  • 5612 Steinstø
Telefon:
+47 996 91 527
E-post:
post@steinsto.no
Nettside:
www.steinsto.no/

Hvor er Gardsbesøk og sidersmaking - Steinstø Fruktgard?