Bestill

I det vakre uteamfiet på Giske, nær den vakre Giske Kyrkje, vert Noregs nasjonale historie frå tida rundt 1030 forbilledleg formidla i ei storslått førestilling av dyktige lokale og nasjonale skodespelarar. Giskeøya var på den tida eit maktsenter i Noreg og vi fyl historia til dei fire brørne frå Arnungeætta som fylgde Kongen i både inn og utland. I strid og forsoning, vart Norge som nasjon fødd.

Stykket skildrar striden om kongemakt og kristentru og er bygd på sentrale forteljingar i Snorre Sturlason si soge om Olav den Heilage og Arnungane frå Giske.

I hovudrollene finn vi:
Ellen Dorrit Petersen som Ragnhild, gift med Torberg, Ole Christoffer Ertvaag som Kongen og Tom Larsen som Torberg Arneson.

Parkering

På Giske desse dagane, går vi alle tusen år tilbake i tid og både bil og flytrafikk vert begrensa. Det blir derimot gratis shuttlebuss frå Ytterland (Valderøya) i regi av Sularuta. Transporten startar ein time før kvar førestilling og går kontinuerlig fram til start. Det same på retur. Giske Amfi ligg óg berre 200 meter frå ei småbåthamn, der det er høve til av- og påstiging.

Rullestolbruker

Giske Amfi er tilrettelagt for rullestolbrukarar, også med tanke på parkering og toalett. Det blir difor kun parkering for rørslehemma eller andre behov, nær Giske kyrkje.

Kafe

I Gamle Gullik vert det sal av mat og drikke. Dette gamle tømmerhuset stod opphavleg ved Giske kyrkje, men vart flytta i 1870.

Kontakt

Adresse:
  • Giske Amfi
  • 6052 Giske
Telefon:
+4797036026
E-post:
daglegleiar@giskespelet.no
Nettside:
giskespelet.no/

Fasiliteter

Barnevennlig:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Matservering:

Hvor er Giskespelet 2022?