Vil du oppleve Ulvik på ein annleis måte? Sjå bygda frå fjorden med kajakk og lokal guide!

Under opplevinga "Guida kajakktur i Ulvik", padlar du og guiden rundt Ulvikfjorden medan guiden fortel om lokalhistorie og lokalkulturen i den vesle bygda. Du får lære om korleis folk har levd, og korleis naturen vart nytta i kvardagen, industri og næring. Etter omtrent to timar i kayakken, klyv dykk på land på ei øy i fjorden, der de får demonstrert essensielle tips og triks for overleving i naturen. Mellom anna får du lære korleis ein startar eld, identifikasjon av plantar som kan etast, og korleis ein kan byggje og kome seg i ly. Etter desse små demonstrasjonane, hoppar de tilbake i kajakksetet og føl fjordlinja tilbake til startpunktet ved kaien. 

Kontakt

Adresse:
  • Tyssevikvegen 31
  • 5730 Ulvik
Telefon:
+47 91 18 82 37
E-post:
post@bnature.com
Nettside:
www.bnature.com

Hvor er Guida kajakktur med Be Active?