Kulturvandring for grupper kan tingast ved å venda seg til Balestrand reiseliv. Døme på guida kulturvandring i Balestrand: Tidsbruk: Turen tek ca 1,5t. Spaserturen, ca 2 km, er på asfalt og lett å gå. Kle deg etter været. Turen vil variera litt etter vær og vind. Turen inkluderer: • Kaien i Balestrand (Tradisjonelt "transportkaimiljø" - gammalt posthus etc., no div. utstillinger i regi av Norsk Reiselivsmuseum som etter planen offisielt skal opnast våren 2012) •Langs fjorden for å sjå Kviknes hotell utvendig frå sjøsida •St. Olaf's kyrkje, historie om kyrkja •Belehaugen, Vikinghaugar og statue av kong Bele. Ein vil høyre om vikingtid, om Fridtjofsaga og om kvifor keisar Willhelm fekk reist to statuar i Sogn •1-2 mindre dragestilsvillaer. Gjestene får høyra meir om kunstnarlivet i Balestrand på 1800talet og fram til dagens kunstbygd •Retur til kaien og besøk på Sognefjord Akvarium - lærer om livet i Sognefjorden, ser treskjeringar i Galleri Munken og ein film som syner naturen og sesongane i Balestrand.

Kontakt

Adresse:
  • Holmen, sentrum
  • 6899 BALESTRAND
Telefon:
57691255
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:
www.balestrand.kommune.no

Hvor er Guida kulturvandring?

Fjord Norways sekundærlogo