Bestill

Har du lyst på ein fantastisk naturoppleving kombinert med litt fart og spenning? Ønskjer du å prøve vannscooter i trygge omgjevnader saman med ein av guidane til Sognefjord Boating? Då kan vannscootersafari på kysten og i fjordane yttst i Sogn og Sunnfjord vere noko for deg!

I samarbeid med Hotel Sognefjord i Leirvik i Hyllestad kan du bli med på vannscootersafari for mindre grupper (2-5 personar). Vannscootersafari er ei flott naturoppleving, som kan kombinerast med fart og spenning dersom du ynskjer det. Vannscootersafari er noko for deg som kan tenkjer deg å prøve ein vannscooter i trygge rammer, samtidig som du får oppleve noko av den fantastiske kystnaturen og -kulturen Ytre Sogn og Sunnfjord har å by på. 

Sognefjord Boating tilbyr i utgangspunktet turar på ein, to eller fire timar inkludert opplæring, men skreddarsyr gjerne ein tur for deg og dine vener. 

For å køyre vannscooter er det krav om minimumsalder 16 år og båtførerbevis. Er du født før 1980, er det ikkje krav om båtførarbevis. 

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Hotel Sognefjord
  • 6951 LEIRVIK I SOGN
Telefon:
53215301
E-post:
office@sognefjordboating.no
Nettside:
www.sognefjordboating.no

Fasiliteter

Guidet tur:
Utstyr til leie:
Sesong:
  • Sommer

Hvor er Guida vannscootersafari - Sognefjord Boating?

Fjord Norways sekundærlogo