Bestill

Bli med Trolltunga Adventues og Moa Hundseid, ei av Noregs mest kjende yngste eventyrarar, på ein fantastisk huskytur til Trolltunga. Moa lar deg låne ein av dei sjarmerande sledehundane hennar som blir din personlege vesle hjelpar heilt inn til Trolltunga. Å utforske Trolltunga om vinteren og på våren er nokså unikt: det er færre turistar, lufta er frisk og klar og saman med mengder av snø skapar det ei majestetisk atmosfære som tar deg tett inn på naturen. Hunderasen husky er ein sterk hund som elskar å vera i aktivitet. Dei kan nesten ikkje vente med å ta deg på eit eventyr for livet! 

Huskyturen kostar frå 1900 NOK og inkluderer: 

- Din eigne personlege husky

- Moa Hundseid som din erfarne fjellhuide

- Lokal lunsj og snacks, inkludert kakao/kaffi

- Truger

- Gåstavar 

Oppmøtestad: Møt opp på parkeringsplass P2 i Skjeggedal klokka 0730 for huskykos og informasjon om hundane og turen. Dersom snøforholda tillater det køyrer ein opp til Mågelitoppen (P3), noko som sparar inn 4 km og 400 høgdemetre med gåing (dette er sannsynlegvis ikkje mogleg før i mai). Guidane på turen vil sørge for at både du og hundane er godt ivaretekne heile vegen til Trolltunga og tilbake. Du vil få utdelt det utstyret du treng for å gå på snø, men må sørge for å ha med deg det følgande sjølv:  

- Vind- og vatntette hanskar

- Ei varm hue

- Ullbuff

- Varme ullundertøy, helst i ull - to par

- Dunjakke 

- Vatn- og vintett jakke og bukse

- Vatntette gamasjer 

- Vatntette fjellsko

- To par med varme ullsokkar 

- Solbriller

- Solkrem

- Snacks 

- 3 liter vatn

- Ryggsekk - minst 35 liter + regntrekk

 

Om eventyraren Moa Hundseid 

Moa har elska friluftsliv heile livet! Som ettåring måtte ho bli bært inn i hytta med skia sine på fordi ho nekta å gå inn. Sidan då har kjærleiken for naturen og friluftslivet berre vokst og fleire eventyr og ekspedisjonar har blitt gjennomført. Tidlegare har ho jobba som vinterguide for blant anna Børge Ousland Exploration, men no har ho blitt ein del av det fantastiske teamet i Trolltunga Adventures. Ho tilbringer nesten all tida si utandørs, året rundt, og har ei ekte lidenskap for høgfjellet og lange skiturar. Ho gler seg til å dele friluftskjærleiken sin med dei som blir med på denne fantastiske huskyturen til Trolltunga! 

Nysgjerrig på Moa sine tidlegare turar og ekspedisjonar? Sjekk ut nokon av turane hennar ​​​​​​her. 

Kontakt

Adresse:
  • Trolltunga
  • 5760 Røldal
Telefon:
+47 928 93 599
E-post:
trolltungaadventures@outlook.com
Nettside:
www.trolltungaadventures.com/

Fasiliteter

Sesong:
  • Vinter

Hvor er Trolltunga Husky Hike - Guida tur med Trolltunga Adventures?