Start ved Hafslo sentrum. Følgjer hovudvegen nordøstover ein halv kilometer, tek av til venstre, følgjer kommunal veg 200 meter og tek av til høgre. Følgjer veg oppover som går over i traktorveg. Passerer Hafslo gjestehus, følgjer sykkelveg under undergang, til venstre etter undergangen, vidare oppover gjennom bustadfelt og hyttefelt. Følgjer traktorveg oppover, forbi skyttarbane og tek til høgre når ein kjem inn på kommunal veg til Molladsmarki. Vidare til Krossen som ligg på omlag 500 m.o.h. Her kan ein gå vidare til Molden, som er ein av dei mest besøkte fjelltoppane i Sogn med vakkert utsyn over det meste av Luster - 1116 m.o.h.

Kontakt

Adresse:
  • Hafslo Sentrum
  • 6869
  • Luster
Telefon:
57671400
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:

Hvor er Hafslo Sentrum - Krossen?