Finn fram: Ca 8 km frå Balestrand sentrum (utover fjorden retning Høyanger) kjem du til Målsnes. Her startar ein skogsveg (Saurdalsvegen) som går 7 km oppover fjellet. Oppe på ca 600 m.o.h. finn du parkeringsplass. Dette er eit godt utgangspunkt for fjellturar. Hakkespettskogen finn du halvvegs oppover Saurdalsvegen. Det er laga eit fint leike- og aktivitetsområde som eignar seg godt for barnefamiliar. Her er det hytter i tre, gapahuk, grillplass, balanseapparat m.m. Perfekt område for å leike og lære om naturen.
Kunst og museum
Hakkespettskogen
Ut på tur - Aldri sur! Ta med heile familien på tur til Hakkespettskogen i Balestrand!
Kontakt
- Adresse:
- 6898 BALESTRAND
- Telefon:
- 57691255
- E-post:
- balestrand@sognefjord.no
- Nettside:
- www.balestrand.kommune.no