Handelslaget er ein lokal maknadsplass for store og små lokale produsentar. Butikken har eit utval av lokale produkt, som til dømes antikkvarer, strikka og vevd tekstil, keramikk, smakfulle godbitar og naturleg kosmetikk. I tillegg til unike varer i høg kvalitet, kan du trylle deg vekk blant dei fantastiske og fargesprakande glasprodukta til Syse Glas (om du er heldig står kanskje artisten sjølv og jobbar inne i verkstaden!). 

Marknadsplassen har vore ein stor del av det lokale sentrumslivet i Ulvik. Lokalet var tidlegare ein COOP-butikk, som no har blitt flytta. Fleire spor frå den svunne tid står fortsatt att, i tillegg til andre lokale kulturhistoriske minne som den lokale brudebunaden og Mindelheimsverdet. 

Kom innom Handelslaget og kjøp med deg ein unik suvenir frå Ulvik, og la deg forføre av flott, lokalt handverk. 

Her held óg Ulvik Turistkontor til.

Kontakt

Adresse:
  • Tyssevikvegen 9-11
  • 5730 Ulvik
Telefon:
+47 40007199
E-post:
ulviknaeringslag@ulvik.org
Nettside:

Hvor er Handelslaget?