Hardanger Cideri AS held til på Aga, ved riksveg 550, 17 km sør for Utne. Cideriet overtok lokala på Aga i 2015. Most-produsenten Innigo har sin produksjon under same tak. Bedriftene har no slått seg saman, og Hardanger Cideri AS selg Innigo sine produkt, som består av fruktmostar av forskjellige typar frukt, fruktsirup og eplecidereddik. Hardanger Cideri AS har løyve til produksjon og sal av alkoholhaldig sider, levert til serveringsstader med sjenkeløyve. Svakare sider (4,7 vol % alkohol) vert produsert for sal i daglegvarebutikkar, og andre med salsløyve. Hardanger Cideri AS tek imot grupper for omvising etter avtale.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
Telefon:
92 42 29 23
E-post:
post@ciderspace.no
Nettside:
www.ciderspace.no

Hvor er Hardanger Cideri?