Bestill

Hardangerfjorden cruise frå Bergen, går gjennom vill og vakker natur - og er ei oppleving i seg sjølv. Båten stoppar på Flesland kai og på Os til og frå Rosendal.

Båten går to gonger om dagen, på kvardagar, frå Strandkaiterminalen. Billettar får du kjøpt om bord eller hos Turistinformasjonen i Bergen. Billettar kan du også kjøpe på rodne.no; https://rodne.no/fjordcruise/fjordcruise-til-hardanger/  - nytt denne linken i staden for den som ligger på «bookingsida».

Under to timar med båt frå Bergen ligg vakre Rosendal, omgitt av majestetiske fjell, fjord foss og bre. Ein kan kombinere fjord-cruise (fjordcruise) med kulturelle opplevingar på Folgefonnsenteret, Baroniet og Galleri Guddal. Dersom ein ynskjer naturopplevingar kan ein gå ein tur i steinparken, padle brekajakk - oppleve isbreen på tett hald, eller nytte seg av ein av dei mange turløypene i området. Hardangerfjordekspressen korresponderer også med buss vidare til Odda som er startpunkt for turen til Trolltunga.

Sommartider og vintertider  frå kr: 633,- (t/r) Prisar

Kontakt

Adresse:
  • Skålafjæro 17
  • 5470 Rosendal
Telefon:
+47 51 89 52 70
E-post:
mail@rodne.no
Nettside:
rodne.no

Hvor er Hardangerfjordekspressen?