Bestill

«Sild og potete» er ein gamal nasjonal kost – og i utstillinga «Det starta med silda» sett me fokus på kor viktig sildefisket og denne kosten var for folket i lange tider.
Denne haustferien ønskjer me å invitere barn, saman med vaksne, til mellom anna å trykke med poteter på tekstiler.

Tysdag, onsdag og torsdag (11. - 13. oktober) i haustferien blir det ulike aktivitetar på Sunnhordlandstunet i samarbeid med Stord Husflidlag; utstillingar, trykkeverkstad, laging av haustkrans og anna av naturmateriale, omvising på tunet … og plutseleg kjem det kanskje ein fiskar farande (førestilling for born).

Pris: Barn (frå 5 år) kr. 100 (vaksne gratis).
Billett kan kjøpast på Sunnhordlandstunet eller på ebillett.no.

Program kl. 11:00 – 14:00:
Vandring i utstillinga «Det starta med silda» og «hausting» av poteter.
Aktivitetar i samarbeid med Stord husflidslag;
Trykkeverkstaden «Sild & potet».
Potettrykk på tekstil.
Maskinsaum og broderi. Born og unge kan få sy kjøkenhandklede eller liknande av dei trykte tekstila.

Ute lagar me haustkrans og anna i naturmateriale.
kl. 13.00: Guida omvising på tunet (inkludert i ordinær billett for vaksne)
kl. 14:30: Escaperom (billettar kan kjøpast på ebillett.no)

Museumskafeen vil vera open.
Sal av varme bollar og nysteikte vaflar.
Velkommen til store og små!

Kontakt

Adresse:
  • Museumsbakken 16
  • 5401 Stord
Telefon:
+47 53 41 38 99
E-post:
post@sunnhordland.museum.no
Nettside:

Hvor er Haust på museet og «sild og potete»!?

Fjord Norways sekundærlogo