Bestill

Dermed er det klart at det blir ein heidundranes fest på Vikholmen i Ulsteinvik helga 16.-17. juni 2023.

- Det har vore ein særs spennande haust, der vi har jobba hardt og lenge for å kunne få til denne line-up’en, som har ein minst like stor Wow-faktor som dei to føregåande åra. Og då snakkar vi om stjerner som verkeleg blenkjer, seier festival-paret Line Urke og Hugo Antonsen.

Heimebanefest blir også i 2023 arrangert på den store parkeringsplassen ved Vikholmen, men festivalområdet blir neste år gjort noko om for å skape enda betre forhold både for artistar og publikum.

Seinare vert fleire artister lansert, men no nyttar vi høve til å lansere tre av dei store samtidig som vi opnar for billettsal med såkalla «Earlybird»-prisar. Det betyr at vi sel nokre billettar til sterkt reduserte prisar.

At vi no lanserar D.D.E., Metteson og Trygve Skaug, er fordi dei famnar veldig breitt og representerer kvar sin sjanger og dei er spesielle på sine felt:

* D.D.E. som leverer musikalsk sirkus med allnorsk rockefot. Dei er kjend som Norges festband nummer ein, som sist sommar reiste rundt i store delar av landet med «Sirkus D.D.E.» til strålande mottaking over heile landet – inklusive eit fullsett Oslo Spektrum no i november. Når dei neste år forlengar reisa si med fyrverki og publikumsfrieri, legg dei også turen innom Sunnmøre og Heimebanefest.

Heimebanefest har hatt D.D.E. på ønskelista tidlegare, og neste år er dei på plass med heile sitt sirkus. Vi kan garantere at her blir det liv!

* Trygve Skaug som leverer stemning og gudebenåda tonesett poesi – som tankefull smålåten, men også med utropsteikn. Musikken hans har sidan 2010 ligge over 350 veker på NRK P1 A-, B-, og C-lister, han har motteke fleire gullplater og nominasjon til Spellemannsprisen. Han er den mestselgande lyrikaren i Norge og har vore på topplista i lyrikk sidan 2016.

* Metteson som ifølge den engelske storavisa Guardian er Norges neste store popstjerne, som leverer intenst rørande og overveldande personlige konsertar, med ei imponerande innleving, koreografi og trøkk.

Metteson er nettopp nominert som Årets Artist 2022 saman med blant andre Karpe, av den norske kulturavisa Subjekt.

Han var også spesielt invitert til Slottet da prinsesse Ingrid Alexandra feira sin 18 års bursdag, og opptrådte som kveldens overraskelse for prinsessa under galla-middagen.

- Vi trudde vi skulle signere Metteson til Heimebanefest i 2022, men vi «mista» han til den mykje større festivalen Malakoff i Nordfjordeid. I år er han imidlertid på plass i «heimbygda», noko vi set umåteleg stor pris på! Og det er kanskje siste muligheit å få oppleve Metteson her heime, før han forsvinn ut i verda, seier festivalleiinga Line Urke og Hugo Antonsen.

Multi-kunstnaren Sverre Breivik er fødd og oppvaksen i Moss, men far hans, Roar Breivik, er fødd og oppvaksen på Hasund i Ulstein. Roar er godt kjent for sine kulturbidrag både gjennom Hødd, som spelar og trenar, og har vore ein aktiv, påliteleg og meget kompetent trenar og analytiker – mellom anna for Per-Mathias Høgmo. Mykje av slekta bur framleis i Ulstein.

Visninger

Vikholmen (parkeringsplassen) (Ulsteinvik)
16. juni:
17. juni:

Kontakt

Adresse:
  • Sjøgata 80
  • 6065 Ulsteinvik
Telefon:
+47 70 01 77 00
E-post:
Nettside:
www.sjoborg.no/kulturprogram/article1505325.ece

Fasiliteter

Alkoholservering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Matservering:

Hvor er Heimebanefest 2023: HER BLIR DET LIV! // Ulsteinvik?

Fjord Norways sekundærlogo