Bestill

Julerosekveld med Herborg Kråkevik og Ålesund Symfoniorkester.
Dirigent: Torodd Wigum

Ålesund Symfoniorkester inviterer til storslått Julerosekveld med Herborg Kråkevik, Nina Lykke, Mathias Eick og Espen Berg!

Herborg Kråkevik tar i år med seg musikken og suksesskonseptet Juleroser til nokre utvalde scener rundt om i landet. På turnéen har ho med seg forfattaren Nina Lykke, trompetvirtuos Mathias Eick og pianist Espen Berg. I Ålesund får publikum gleda av å oppleve dette sterke laget saman med Ålesund Symfoniorkester og barnekor frå Ålesund Kulturskole, under leiing av Torodd Wigum.

I tillegg til ny og tradisjonell julemusikk, vil desse eminente formidlarane gi publikum forteljingar, dikt og humoristiske høgdepunkt frå Juleroser-heftene. Det blir adventstemning, julelatter- og tristessar, klassiske julefortellinger og heilt rykande ferske tekstar om kvarandre.

Dei siste åra har juleheftet Juleroser med redaktør Herborg Kråkevik vorte ein kjær del av julestemningen i mange heimar rundt om i landet. Julen 2020 kom albumet Juleroser med heilt nye julesanger signert mellom andre Aurora Aksnes, Odd Nordstoga og Anne Grete Preus, innspelt av Herborg og Bergens Filharmoniske Orkester. På albumet medverkar òg Bjørn Eidsvåg, Fargespill, Trygve Skaug, Marianne Pentha, AURORA og Mathias Eick.

I 2021 kom albumet «Barnas Juleroser» med julesanger og forteljingar som har stått på trykk i juleheftet med same namn som Herborg òg er redaktør for. På albumet opptrer Herborg saman med Julerosekvintetten, Bolteløkka Jentekor, Bislett Guttekor og Kåre Conradi. Julerosekveld består av songar frå begge album.

– Dette skal bli ei juleforestilling som snakkar til alle krinkar og krokar av julehjarte vårt! Jul er kjenslege greier, og litt kunst gjer alltid godt, om det no er musikk, litteratur eller biletkunst. Eg håpar dei vil koma og oppleva Juleroser frå scena. Me skal gjera alt me kan for å underhalda og røyra dykk og forhåpentleg gje alle litt fred i førjulsinnet, seier Herborg.

Visninger

Parken kulturhus (Ålesund)
27. november:
18:30

Kontakt

Adresse:
  • Parkgata 3B
  • 6002 Ålesund
Telefon:
70162468
E-post:
hans.pareliussen@alesund.kommune.no
Nettside:
parkenkulturhus.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=1411&MId1=18387

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Herborg Kråkevik og Ålesund symfoniorkester - Julerosekveld // Parken kulturhus i Ålesund?