Herøyspelet – i heilt ny utgave
Herøyspelet «Kongens Ring» inviterer i år til eit heilt nytt spel.
For første gong sidan starten i 1992 har spelet ny regissør. Jeff Pedersen har regissert fleire andre historiske spel, og han tek no fatt på jobben med å vidareutvikle «Kongens Ring». Men den gamle historia ligg i botn. Hovdingdottera Unn, valet mellom festarmannen foreldra har valt og rebellen ho er forelska i og valet mellom gamal og ny tru. Den spesialskrivne musikken, det store orkesteret og den store utescena er den same – og utsynet mot Stadhavet. Vi skal møte Olav den heilage og hirden hans, herjungar og herøyfolk. Rundt 200 i talet, unge og gamle, amatørar og profesjonelle, musikarar, songarar og skodespelarar.
Med i billetten får du også skyss med båt eller buss til øya Herøy. På tunet på handelsstaden frå 1800-talet er det spelkafe og folkeliv. Og no byr også Herøyspelet på vikingleir med familieaktivitetar som pil og boge, kampstokk og stort bondesjakk.
Kongens Ring vert spelt fire gongar i løpet av den første helga i juli. Dei yngste barna er gratis på alle forestillingar og på siste forestillinga søndag er det halv pris for barn opp til 16 år.
Herøyspelet Kongens Ring
Herøyspelet – i heilt ny utgave Herøyspelet «Kongens Ring» inviterer i år til eit heilt nytt spel. For første gong sidan starten i 1992 har spelet ny regissør. Jeff Pedersen har regissert fleire andre historiske spel, og han tek no fatt på jobben med å vidareutvikle «Kongens Ring». Men den gamle historia ligg i botn. Hovdingdottera Unn, valet mellom festarmannen foreldra har valt og rebellen ho er forelska i og valet mellom gamal og ny tru. Den spesialskrivne musikken, det store orkesteret og den store utescena er den same – og utsynet mot Stadhavet. Vi skal møte Olav den heilage og hirden hans, herjungar og herøyfolk. Rundt 200 i talet, unge og gamle, amatørar og profesjonelle, musikarar, songarar og skodespelarar. Med i billetten får du også skyss med båt eller buss til øya Herøy. På tunet på handelsstaden frå 1800-talet er det spelkafe og folkeliv. Og no byr også Herøyspelet på vikingleir med familieaktivitetar som pil og boge, kampstokk og stort bondesjakk. Kongens Ring vert spelt fire gongar i løpet av den første helga i juli. Dei yngste barna er gratis på alle forestillingar og på siste forestillinga søndag er det halv pris for barn opp til 16 år.
Visninger
- 02. juli:
- 13:30
- 17:00
- 03. juli:
- 13:30
- 17:00
Kontakt
- Adresse:
- Herøy Gard
- 6070 Tjørvåg
- Telefon:
- +47 97 98 33 05
- E-post:
- Nettside:
- www.heroyspelet.no