Bestill

Supportband denne kvelden er Titsmachine, coverbandet med gode slagerar frå glamrocksjangeren som kler seg med stil! Dei lovar å setje godstemninga for kvelden.

Likar du gammal AC/DC er High Voltage eit band ein absolutt bør få med seg. High Voltage blei danna i 2002 og har spesialisert seg på låtane frå tida med Bon Scott. I storheitstida til bandet, trekte dei fulle hus kvar gong dei spelte, til rungande jubel frå publikum.

Sist dei sto på ei scene var på Trandalrock i 2017, og dei har no bestemt seg for å spele ein konsert igjen. Bandet har også hatt med seg Petter Baarlie frå Backstreet Girls på ein rekke konsertar.

Det blir både mykje lyd og energi denne kvelden, så rockefoten får garantert køyrt seg. På repertoaret står mellom anna desse låtane: "Highway to Hell", "TNT", "Let there be rock" og "Rock n roll damnation".

Bandet i dag består av:
Olav Sindre Kriken
Hans Robert Bondhus
Kåre Myklebust
Nils Dragnes
Kenneth Busch

Arrangementet har 18 års aldersgrense. Legitimasjonskrav.

Serving by Christian Gaard.

Visninger

Ørsta Kulturhus (Ørsta)
03. desember:
21:00

Kontakt

Adresse:
  • Holmegata 7
  • 6151 Ørsta
Telefon:
+47 70 04 55 00
E-post:
post@orstakulturhus.no
Nettside:
orsta.kulturhus.no/konsert-high-voltage-g6k4lib/

Fasiliteter

Alkoholservering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er High Voltage // Ørsta kulturhus?