Bestill

Her vert det presentert nye, nedstrippa tolkningar frå Hilde Louise sin katalog, med eigne og andre sine låtar frå jazz- og kabaretscena.
Hilde Louise har i 14 år hatt eit nært musikalsk samarbeid med pianisten Anders Aarum, som sjølv har stått for 8 plateutgivingar og fleire teater- og kabaret-forestillingar.

Vi lagar til med småbord og triveleg stemning i storsalen.
Velkommen til lun konsert med finstemt humor og melankoli i skjønn foreining.

Dørene og baren opnar kl. 20.00
Konserten startar kl. 21.00

BIOGRAFI - HILDE LOUISE ASBJØRNSEN
Jazz chanteuse, låtskrivar og kabaretartist Hilde Louise Asbjørnsen har blitt skildra som ein miks av Marilyn Monroe og Billie Holiday. Ho har gitt ut heile 11 kritikerroste album, og konsertane hennar byr på ein frisk cocktail av jazz, pop og kjærleik og humor, både med eigne og andre sine låtar. Hilde Louise er dette året aktuell med si selvskrivne bok og soloshow Stardust, eit sprudlende musikalsk show som tek oss tilbake til nokre av forrige århundre sine største musikalske heltinnar. Forestillingen har gått sin seiersgang på Oslo sine teatre sist haust, og motteke heile fire terningkast 6.

I 2016 vann Hilde Louise Komiprisen som Årets Kvinnelige Scenekomiker for sin sjølvskrivne soloforestilling The Lulu Show – Livet er en dans på renter. Showet vart spelt jamnleg i 2 år på norske scener og fekk terningkast 6 av Mona Levin i Aftenposten. Saman med regissør Teodor Janson oversette Asbjørnsen forestillinga til engelsk og fremførte den 23 gonger under Edinburgh Fringe Festival i 2017, der den fekk til 5/5 stjerner på BroadwayBaby.com.

På musikal-scena har Hilde Louise gjort store roller som som Konferansieren i Cabaret (2017), Roxie Hart i Chicago, Mrs. Adelaide i Guys and Dolls og vunnet Komiprisen for rolla som Ulla i The Producers på Oslo Nye Teater i 2011.

Visninger

Storfjord kulturhus (Stranda)
01. juni:
21:00

Kontakt

Adresse:
  • Øyna 1
  • 6201 Stranda
Telefon:
+4741546200
E-post:
post@storkultur.no
Nettside:

Hvor er Hilde Louise Asbjørnsen, intimkonsert // Storfjord kulturhus?