Bestill

Dette møtet mellom tre sterke og særeigne stemmer vil resultere i ein konsert med noko for einkvar smak. Frå det nære og vare til det store og kraftfulle. Trioen vil presentere eigne arrangement av kjende og kjære låtar frå høgtida.

Elise Nærø
Elise har sunge og skrive låtar heile livet. Berre 17 år ung blei ho boden studieplass ved konservatoriet i Kristiansand (UiA). Ho er dermed ei av dei yngste som har kome gjennom dette nålauget. Elise blei betre kjend for mange då ho dukka opp på tv-skjermen i The Voice - Norge beste stemme (2017). Elise song seg heilt til semifinalen i nest siste program. Her konkluderte mentor Martin med at ho har ei av Norges desidert beste stemmer. Ho er den same av og på scena; sprudlande, jordnær og ekspressiv.

Norvald Dahl
Norvald fullførte i 2019 sin mastergrad i jazzpiano ved Noregs Musikkhøgskule i Oslo. Han har i tillegg studert jazz i Stavanger og Trondheim. Norvald er ein svært aktiv frilansmusikar i både inn- og utland, og slapp nyleg sitt tredje album som musikalsk leiar til strålande kritikkar. Han har i tillegg medverka i ei rekke andre band og innspelingar og turnért både i Norge, Irland, Frankrike og Spania. Blant anna med den amerikanske saksofonisten Jon Irabagon, i Wayne Brasel Group og no med sitt eget band «Pandemic Solution» saman med to av Noregs fremste jazzmusikarar; Håkon Mjåset Johansen og Ingebrigt Håker Flaten.

Vegard Holum
Vegard er ein multi-instrumentalist, komponist/arrangør og pedagog med base i Oslo der han jobbar aktivt innan eit mangfald av sjangrar både som bandleiar og utøvar. Uteksaminert med mastergrad i komposisjon frå Norges Musikkhøgskule i 2016 og jobbar no frilans som kunstnar. I tillegg til å jobbe frilans leier han 3 eigne ensemble og oppretta i 2018 sitt eige plateselskap. Er ein svært allsidig kunstnar som har jobba med folk som Morten Abel, Odd Nordstoga, Frida Ånnevik, KORK, Onkl P, Aksel Hennie og medverka på Melodi Grand Prix, Idol og God Morgen Norge i tillegg til å gi ut 4 eigne album og medverka på ei rekkje andre plater.

Visninger

Fosnavåg konserthus (Fosnavåg)
28. desember:
20:00

Kontakt

Adresse:
  • Gerhard Voldnes veg 11
  • 6099 Fosnavåg
Telefon:
+47 913 28 908
E-post:
post@fosnavagkonserthus.no
Nettside:
www.fosnavagkonserthus.no/i-denne-stille-juletid-vol-4-t2d1pds/

Fasiliteter

Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Holiday Trio - December Edition // Fosnavåg konserthus?

Fjord Norways sekundærlogo