Med lokalprodusert musikk og video og dessutan ein gjeng drivne koristar frå Fosnavåg, ligg dette an til å bli ei konsertoppleving det bli verdt å besøke! Dei var i konserthuset med lokale koristar rett før pandemien i 2020. Basert på gode tilbakemeldingar frå publikum den gong så freista det til gjentaking.

Bandet har hatt konsertar i Ålesund, Stranda og Sula og dessutan opptrådd på profilerte festivalar som Jugendfest, Sommerfesten og Havgaprock.  Bandet har base på Sula. Medlemmene kjem frå Sula og Ålesund. Musikken må vel seiast å vera mest inspirert av 70-talets storheiter som Pink Floyd, Deep Purple mfl. NRK klassifiserte albumet «Behind», som bandet slapp i 2017, for folkeleg progrock. Musikken spenner frå fengjande popmusikk, via god gammaldags rock, til det svevande og pompøse.

Billedkunstner Jan Ove Ringstad har òg hatt ein finger med i spelet på fleire av låtene. Bandet bruker video på storskjerm der moglegheita byr seg. Det blir det i Fosnavåg! Velkomen laurdag 29. januar!

Bandet: Jan Gunnar Åkre – Tangenter og vokal Svein Riise – Vokal Børre Lervåg Dalhaug – Trommer Ole Tommy Blomvik – Vokal og gitar Bjørn Helge Lervåg – Bass Pål-André Måseidvåg – Gitar og vokal Roger Hauge – Vokal og perkusjon Finn Thorsen - Gitar

    Visninger

    29 januar:
    19:00

    Kontakt

    Adresse:
    • Fosnavåg Konserthus
    • 6090
    • Herøy
    Telefon:
    E-post:
    Nettside:
    checkout.ebillett.no/139/events/15081/purchase?kanal=dxf

    Hvor er Horizons project?