Loddrett spenning med sjøen rett under deg og luft rundt deg er noko du og dine seint vil gløyme. Hornelen Via Ferrata har to løyper; Olavsruta og Hekseveggen. Olavsruta er heile løypa, frå fjæra til fjellets topp. Velkommen til ditt neste eventyr hos Hornelen Via Ferrata!

Den guida heildagsturen går heilt opp til toppen av fjellet Hornelen. Du vil definitivt kjenna adrenalinet her! Sjølve klatreturen går i to etappar, den nedre delen byr på moderat vanskegrad, men etter kvart som du held fram oppover veggen, vil klatreturen bli meir utfordrande og avansert.

  • Klatre ein Via Ferrata i spektakulære, luftige omgjevander skaper djuptgåande meistringskjensle og glede. Å klatre kanskje den mest luftige Via Ferrataen i verda krev litt, men påskjønninga er stor!
  • For deg som er i god form, har god kroppsstyrke, har erfaring med lange fjellturar, har klatra Via Ferrata før og har lyst til å utfordre deg sjølv i trygge omgjevnader med guide
  • Dei dyktige guidane tek hand om di og gruppa si sikkerheit, slik at du kan fokusere heilt på di eiga klatring og oppleving i gruppa

Pris

Per person 1695,-

Inkludert i prisen:
  • Tilgang til Via Ferrata klatreløypa
  • Via Ferrata klatreutstyr
    • Hjelm
    • Sele
    • Via Ferrata slynge
  • Guide
Du treng sjølv
  • Sko
  • Passande kledning
  • Hanskar (kan takast med eller kjøpast i butikken)
  • Dagstursekk
  • Dobbel matpakke og dobbel drikke (dobbel mengd frå normal tur, ingen vatn tilgjengeleg undervegs).

Informasjon om turen

  • Heil dag (8 timar)
  • Vanskegrad: Ein krevjande klatre- og fjelltur, første del moderat andre del avansert
  • Retrettmulighet etter første del
  • Min. vekt 40 kg / maks 120 kg
  • Min. 16 år (treng underskriv av vaksen)
  • Min 2 maks 4 personar i ei gruppe
  • Sesong frå starten av juni - oktober
  • Etter klatringa (og etter du har nytt utsikta) går du ned ein tilrettelagd tursti i eit storslått vestlandsk kystlandskap med litt krevjande terreng enkelte stader

Hornelen Via Ferrata

Se alle tilbudene til Hornelen Via Ferrata

Priser

Per person:
NOK 1 695

Kontakt

Adresse:
  • Urane 13
  • 6730 Davik
Telefon:
+47 57 62 41 70
E-post:
post@hornelenviaferrata.no
Nettside:
http://www.hornelenviaferrata.no/

Fasiliteter

Guidet tur:

Hvor er Hornelen Via Ferrata, Guida heildagstur, Olavsruta?