Hornindalsvatnet er ein innsjø i Stad kommune i Vestland og i Volda kommune i Møre og Romsdal. Hornindalsvatnet er den djupaste innsjøen i Europa, og blant dei djupaste innsjøane i verda.
Hornindalsvatnet er 50,5 kvadratkilometer stort, opptil 514 meter djupt og ligg 53 meter over havet. Vatnet er med det den største innsjøen på Vestlandet og den djupaste innsjøen i Europa.
Vatnet i Hornindalsvatnet er påfallande klart, på grunn av at det knapt er brear i nedslagsfeltet og fordi vatnet er næringsfattig. Innsjøen har avløp vestover gjennom Eidselva til Eidsfjorden, som er ein arm av Nordfjord.
Naturattraksjoner
Hornindalsvatnet
Hornindalsvatnet er den djupaste innsjøen i Europa, 514 meter. Er du heldig kan du kanskje oppleve sjøormen "Horny" i Hornindalsvatnet, for det er visst ikkje alle som får sjå han. Han ser seg folk føre og ein må også vere i ei spesiell sinnsstemning for å få denne opplevinga.
Grodås
Kilde: Nordfjord
Kontakt
- Adresse:
- 6763
- Hornindal
- Telefon:
- +47 57874040
- E-post:
- booking@nordfjord.no
- Nettside:
- www.nordfjord.no