Bestill

For millionar av kvinner er forteljinga om Karna ein realitet i dag. Romanen som er skriven med utgangspunkt i konfeksjonsindustrien i Romsdal blir no flytta til vår tid.

Mote skaper identitet. Kampen om identitet handlar om moglegheita til å utrykke seg: Kven har vi lov til å vere? I ein global økonomi representerer moteindustrien òg ein klassekamp – som i det daglege er skjult for oss. Eit liv utan moglegheiter i Bangladesh gir moglegheiter for andre ein annan stad på jordkloden. Genseren du har på deg. Kva er prisen for deg? Kva pris betaler den som syr?

Og jordkloden lir. Tilter. Av overproduksjon. Vi treng ikkje alle kleda.

Nini Roll Anker skreiv med eit sterkt engasjement. "Den som henger i en tråd" blir rekna som ein av dei viktigaste sosiale romanane i mellomkrigstida og tar for seg spørsmål som lønn, arbeidsforhold, abort og sosial kontroll over ugifte kvinner. Romsdalsregionen var på den tida «Noregs kleskammer» med mange konfeksjonsfabrikkar.

Toril Solvang har regien i ei moderne tolking av Den som henger i en tråd. Sandra Kolstad er komponist og musikar og speler sjølv i framsyninga. Hennar særegne stemme innan elektronisk popmusikk har vakt merksemd både på den norske og internasjonale musikkscena.

Visninger

Parken kulturhus (Ålesund)
28. september:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Parkgata 3B
  • 6002 Ålesund
Telefon:
+4770162468
E-post:
hans.pareliussen@alesund.kommune.no
Nettside:
parkenkulturhus.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=1213&MId1=18387

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Høstscena 2022: Den som henger i en tråd // Parken kulturhus i Ålesund?