Bestill

I starten av andre verdskrigen malte den tyske surrealisten Max Ernst det som står igjen som dei foruroligande meisterverka hans: Europe After The Rain II. Eit apokalyptisk landskap er overstrødd med noko som liknar gjengrodde ruinar. Eit landskap i forråtnelse.

Seksti år seinare, i 2002, lot den britiske komponisten Max Richter seg inspirere av dette måleriet til ein av komposisjonane på debututgivinga Memoryhouse, der fleire av stykka tar for seg etterverknadene av Kosovokrigen. Over ei enkel akkordrekke blir spelt eit sorgtungt, men vakkert fiolintema.
Tjue år etter det, medan Europa igjen opplever krigen på nært hold, førestiller ei gruppe musikarar seg eit nytt Europa etter regnet. I dag er det òg lett å lese ein annan trussel inn i Max Ernsts originalverk: Klimakrisa som vil få havet langs norskekysten til å stige.
Desse musikarane legg eit nytt lag på toppen av det som no har vorte eit verk som spenner over åtti år, geografi og sjanger. Det blir delvis framført under vatn, og i fleire rom, i Bybadet i Ålesund.

Opplev eit unikt samarbeid mellom multiinstrumentalist Eirik Havnes, pianist Vetle Nærø, cellistane Kari Sandnes og Ingvild Nesdal Sandnes, og bandet Future Daughter. Stykket blir først framført på cello, og sidan blir det remiksa av Havnes og Nærø. Til slutt tar Future Daughter over stafettpinnen og gjer sin multimedieversjon. Publikum er i varmebassenget og kan høyra musikken både over og under vatn.

Vi gjettar at dette får plass i historiebøkene.

Kontakt

Adresse:
  • Parkgata 11 B
  • 6003 Ålesund
Telefon:
E-post:
siri@hostscena.no
Nettside:
parkenkulturhus.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=1433&MId1=18387

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Høstscena 2022: Europa etter regnet // Bybadet i Ålesund?