Bestill

Nesten som vanleg teater, berre litt morosamare!

To av Noregs beste improvisatører frå Det Andre Teatret i Oslo besøker Høstscena! Ingvild Haugstad og Nils Petter Mørland kastar seg ut i det, og vil her lage ei historie basert på ting som du har lyst til å kvitte deg med. Den gamle vasen til tanta di, den slitne t-skjorta til ekskjærasten din eller gårsdagens avis, alt vil før eller sidan bli kasta, så kvifor ikkje gi det til dei så lagar dei historier av det. Gjennom dukketeater, historieforteljing og klassisk teater, blir gjenstandane publikum har med seg utgangspunktet for dei ulike historiene som blir skapte på staden. Det kan bli alt frå trist, morosamt, rart og poetiske, så ta med deg noko du vil bli kvitt og la det få eit nytt liv på scena.

Etter pausen inviterer Ingvild og Mørland publikum med på scena for å spele “Elsk eller Hat”! Her blir det kjempa om å vinne hjartet til publikum i ein morosam og lettbeint framsyning. Publikum sit på all makt og kan gi elsk eller hat etter kvar scene.

Baren er open, vi trår i gang popcornmaskinen og ønsker publikum hjarteleg velkommen til ein spesielt morosam kveld på folkets hus - sjølvaste Arbeideren!

Kontakt

Adresse:
  • Lorkenesgata 2
  • 6002 Ålesund
Telefon:
70 16 24 68
E-post:
hans.pareliussen@alesund.kommune.no
Nettside:
parkenkulturhus.no/Kalender/CalendarEvent.aspx?Id=1432&MId1=18387

Fasiliteter

Alkoholservering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Høstscena 2022: Gjenbrukt // Arbeideren?