Den delen av elva vi skal til byr på flatt vatn, roleg straum, små bølgjer, ei rekke stryk og til og med eit fossefall, om du føler deg ekstra modig. Guiden er høgt kvalifisert og ein/ei erfaren kajakkpadler som vil sørga for tryggleiken og velværet ditt til ei kvar tid. Guiden vil også passe på at nivået på turen er tilpassa gruppa og at alle har ein fantastisk dag.

Vi møter deg og viser veg til elva. Her bytter vi og gjer oss kjent med alt utstyret. Vel i vatnet øver vi oss på å komma inn og ut av kajakken, kantra og symja, slik at du er komfortabel i vatnet og i kajakken. Vi arbeidar med nokre grunnleggande padleferdigheter, tryggleik og teknikk. Du kan bruka tida på elva som du ønsker.

Nedanfor er all informasjon du treng for turen. Ikkje nøl med å kontakta oss viss du har spørsmål. E-post kayakvoss@gmail.com Tlf 4629 7937

Kajakk Voss stiller med alt kajakkutstyret for denne turen. Du må ta med deg følgjande:
• Ull til å ha under våtdrakta
• Sko som kan bli våte
• Tørre klede
• Drikkevatn
• Solkrem

NB – kunden må sjølv ha forsikring som dekker denne aktiviteten, aktivitetsformidlaren har ikkje forsikring for gjestene på dette produktet.

Vi vil gjere vårt beste for å ta nokre bilete frå turen!

Pris: Vaksne 1200NOK
Oppmøte: COOP Skulestadmo
Avreise: 1400
Varighet: 4 timer
Dager: Tysdag, torsdag og laurdag
Maks: 10 deltakere

Kilde: Visit Voss

    Kontakt

    Adresse:
    • Bjørkemoen
    • 5709
    • Voss
    Telefon:
    +47 46297937
    E-post:
    kayakvoss@gmail.com
    Nettside:
    www.kayakvoss.net/

    Hvor er Intro til elvepadling med Kayak Voss?

    Fjord Norways sekundærlogo