Bestill

Dørene opner kl. 19.00 og musikken startar kl. 19.30

Vangsgutane starta opp først i 1990 og heldt det gåande fram til 2001, med meir enn 350 konsertar frå Tromsø i nord til Halden i sør. Etter nokre år i dvale, dukka bandet opp igjen i 2005 og har sidan halde det gåande.


Det er folkrock, hovudsakleg frå Irland og dei britiske øyane som framleis utgjer hovuddelen av repertoaret. Musikk frå artistar som Pogues, Fairport Convention, Waterboys, Flogging Molly og Tossers - i tillegg til sjølvskrevet materiale - kjem som perler på ei snor. Ei mangfaldig instrumentering gjer at det umiskjenneleg låter som folkrock frå øyane vest i havet skal låte – med melodiar som spenner frå rolege tradisjonelle balladar til jig og reel i fullt firsprang.

Vangsgutane består av Britt Elise Skram på fele, Gunnar Rafteseth på trekkspel, Jørgen Wiik på fløyter, Lasse Krogseth på bass, Magne Steinsvoll på mandolin og banjo, Terje Bystøl Hansen på trommer og Hallvar Djupvik på gitar og song

Kontakt

Adresse:
  • Postboks 97
  • 6099 Fosnavåg
Telefon:
+47 920 420 74
E-post:
bjorn@fosnavagkonserthus.no
Nettside:

Hvor er Irsk aften med Vangsgutane // Fosnavåg?