Bestill

Etter ein to års pause er det med stor glede at vi inviterer til Jul i Rosendal for 12. gong i år.
Det skjer Laurdag 26. november 2022 kl. 10.00 – 16.00.
Jul i Rosendal er ein frivillig organisasjon som lagar til årleg julemarknad i Rosendal.
På marknaden finn du utstillarar som tilbyr lokalt laga handtverks- og matprodukt.
Julekjensle, julelukter, julesmakar, juleaktivitetar, julegåver og andre gåver, julepynt og annan pynt, spanande matprodukt til å smake på plassen eller kjøpe med heim. Kunstutstilling laga av born, juleforteljing fortalt av nissemor, song og musikk.
Mange gode opplevingar for store og små.
Hugs å kle deg godt, det meste går føre seg ute.
Saman skal vi lage den fine forteljinga om Jul i Rosendal.
Hjarteleg velkomne ❤

Kontakt

Adresse:
  • Skålagato 36
  • 5470 Rosendal
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Jul i Rosendal 2022?

Fjord Norways sekundærlogo