Program for Juleøya Osterøy: VALESTRAND JULEMARKNAD✨ Det vert julemarknad på og rundt Valestrand torg første og andre helg i advent: laurdag 27/11, sundag 28/11 og laurdag 4/12, - alle dagar frå kl 12 til 16. Det står utstillarar i grindbygget og i nysnikra boder på torget. Me skapar julestemning og tenner julegran, det blir fyr i bålpanna og bodene blir pynta med koseleg julelys. Drange Murmeister opnar butikken sin for julemarknad, og her inne finn du fleire utstillarar som tilbyr ulike varer i herleg julepynta lokale. Du vil kunna handla juledekorasjonar, trevarer, barneklede, matvarer, ulike handarbeid, redesign, foto og mykje anna. Det vert nye utstillarar kvar dag! Eides kafe og handleri og Knutaflorn på Småland: ☃️ Held ope alle dagane i same tidsrom, og kan lova deg koseleg handel og god mat i nydeleg atmosfære. Begge stader er verd eit besøk! I år kan du rett og slett ta deg ein skikkeleg førjulsrunde på Valestrand, og marknadskomiteen kan lova at du kjem i rette stemninga.  Bullagrana blir tend første sundag i advent (28/11). Valestrand Musikklag speler og syng jula inn i Kongshall etter marknaden kl 16. Så går me i samla tropp til Bullagrana og ser på at lysa blir tende. Kanskje vert det også eit besøk av nissen?

Les meir om Julemarknaden på Valestrand her. JULEBYGDA MJØSVÅGEN ❄️ ☃️ Den grøne fabrikken: ✨ Julemarknad følgjande helger: 20.- 21.november 27.- 28.november 4.- 5.desember 11.- 12.desember Alle dagar kl.12-17 Ulike salsutstillarar og aktiviteter kvar helg. Det vil vere mogleg å kjøpe produkt innan kunst, handverk og mat. I "stova" blir det gratis teikneverkstad for born, juleverkstad (koster ekstra) og servering av julesnacks. Me fyrer i badstova Flabellina, og opnar for både grupper og enkeltpersonar.

Mjøsvågen landhandleri: ✨ Me byr på tradisjonell julestemning med høyballer, bålpanne og julegløgg. Du kan handle julegåver og gourmet produkter i den koselege butikken, og få deg noko godt å eta og drikka. Julebutikken er open måndag-torsdag kl. 10-18, fredag - laurdag 10-20 og søndag 11-18. Det arrangeres fakkeltog frå landhandleriet 28. november kl. 17  Norlender: ✨ Ta turen innom den koselege julepynta tekstilfabrikken Norlender. Her får du ei stemningsfull oppleving enten du vil handle julegåver eller berre kike innom. Her kan du få tak i flotte strikkagensere og ullplagg av norsk design og håndverk. Åpningstider: Mandag-fredag 09:00-16:00, laurdag og sundag 12-16.

Les meir om Julemarknaden i Mjøsvågen her. JULEKONSERTER Onsdag 8. desember vert det julekonsert i Hauge ungdomshus med Osterøybelgen. Her vert det også kafè med sal av kaffe, te, saft og heimelaga kaker og boller. Osterøykoret sine adventskonsertar: Bruvik kyrkje - sundag 28. november kl 17:00 Hosanger kyrkje - torsdag 2. desember kl 20:00 Haus kyrkje - sundag 5. desember kl 18:00 I tillegg kjem julekonserten i Gjerstad kyrkje, som er eit samarbeid mellom Osterøykoret og Osterøy Janitsjar: fredag 27. desember. Tidspunkt er ikkje bestemt. ​JULEMESSER Julemesse på Hauge arrangert av redd barna Osterøy. Lørdag 27. november kl. 11-14. Salg av heimalaga produkt, brukte leiker og byttekrok med kle til baby og barn. Det vert nissebesøk og mulig å få skriva ynskjeliste og ta bilde med han. Det blir og litt julehobby å gjere for små og store born. Julemesse på Knausatun Bruvik, søndag 21. november kl. 13:00 - 17:00. Det vert salg av julevarer på spanande og varierte stands. Kafé med salg av lapskaus og kaker, aktiviteter for born og premiar. Julemarknad i ungdomhuset på Hauge, sundag 5. desember kl. 12:00 - 16:00. Det vert mykje spanande utstillarar og kafé med salg av betasuppe og kaffimat.

Velkomen til ei magisk førjulstid på Osterøy!

Følg med oss på Facebook og sjekk oppdatert program på nettsida vår: www.visitosteroy.no/juleoya

    Fra NOK 0,00

    Kontakt

    Adresse:
    • 5282
    • Osterøy
    Telefon:
    90566885
    E-post:
    noomih.96@hotmail.com
    Nettside:
    www.visitosteroy.no

    Hvor er Juleøya Osterøy?