Bestill

Etter 36 framsyningar på Chat Noir hausten 2021, tek Øystein Sunde showet ut på turné. Han har med seg «Meget i sløyd», som er blant dei aller beste og mest allsidige bluegrass-musikarane på denne sida av Atlanteren.

«Karusellskapssyk» har fått fantastisk omtale med terningkast 5:
Aftenposten: Moden visekunstner på nye veier!
Nettavisen: Mester i sin egen sjanger!
Dagsavisen: 50 års suksess og like blid!

Nye låtar har kome seglande, og visesongaren er tydelig oppstemd og selskapssjuk i anledning det nye stoffet.

Øystein Sunde si solokarriere starta på Dolphins viseklubb i Grensen 18 i Oslo i 1966. "Det var ein klubb full av entusiastiske nybyrjarar i slutten av tenåra. Du fekk sitje på ein barkrakk og synge tre songar, og så var det nestemann opp", seier Sunde om denne tida. Etter fire år på krakken kom den første plata, og karriera tok av for alvor.

I dag kan Sunde sjå tilbake på ei meir enn 50 år lang historie full av plateutgjevingar, showsuksessar, TV-produksjonar og samarbeid med dei beste i norsk showbiz - Ingrid Bjørnov, Gitarkameratene, Halvdan Sivertsen, Finn Kalvik, Eldar Vågan, Dizzie Tunes & Grethe Kausland, Hege Schøyen og Vazelina Bilopphøggers - for å nevne ein del av dei.

Velkomen til ei ny framsyning med Øystein Sunde!

Meget i Sløyd:
Terje Kinn – banjo
Øystein Fosshagen – fele og mandolin
Olaf «Knerten» Kamfjord – bass
Knut R Hem – dobro og perkusjon

Visninger

Ørsta Kulturhus (Ørsta)
25. september:
19:30

Kontakt

Adresse:
  • Postboks 229
  • 6151 Ørsta
Telefon:
70045500
E-post:
post@orstakulturhus.no
Nettside:

Hvor er "Karusellskapssyk" - Øystein Sunde og Meget i sløyd // Ørsta?