Hopp til hovedinnhold

Blått hav, høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet er det som møter deg på Kinn. Du går om bord i båten ved kaia i Florø ( eller i Bergen- direktebåt til Kinn laurdag 17.juni ), og du får ei reise i vakker skjergard ut mot det opne havet og Kinn. Her på havstranda ligg den vakre, gamle middelalderkyrkja, ei av dei eldste i Noreg.

Kinnaspelet «Songen ved det store djup» handlar då danskekongen sin fut kjem til Kinn i 1537 med ei upopulær melding:Pavekyrkja si tid er forbi, ein ny, luthersk prest skal setjast inn og kyrkjegodset skal heretter tilhøyre den danske kongen. Ingen enkel bodskap å selge inn hos bygdefolket på Kinn

Dei er i gang med feiringa av Seljumannamesse. Publikum får no bli med tilbake til 900-talet og sjå bygdefolket si dramatisering av legenda om den irske prinsessa Sunniva som rømmer frå vikingkongen Ramn.Med følgjet sitt legg Sunniva ut på havet i båtar utan segl og årer og lar vind og havstraumar råde. Båtane kjem frå kvarandre, og båten med søstera Borni driv i land på Kinn. Etter legenda er det ho som fekk bygd kyrkja på Kinn som takk.

Dette er teateret ved havet, der natur og landskap spelar med på ein måte du ikkje finn maken til. Det er to forestillingarlaurdag 17. og ein søndag 18.juni 2023.

Meir om program og billettar på kinnaspelet.no

Visninger

Kinnaspelet (Kinn)
22. juni:
23. juni:

Kontakt

Adresse:
  • 6912 Kinn
Telefon:
57 75 25 30
E-post:
kinnaspelet@gmail.com
Nettside:
www.kinnaspelet.no

Fasiliteter

Barnevennlig:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Sommer

Hvor er Kinnaspelet?