Knarvikmila er ei veke spekka med både kultur- og idrettsarrangement. I 2022 blir KnarvikMila arrangert for 40. gong. Då fører alle vegar og spretne føter til Knarvik. KnarvikMila blei starta i 1982 av ildsjel og primus motor Helge Brekke og blir arrangert av friidrettsklubben FIL-AKS77. Sidan 1982 har tusenvis av føter sprunge langs vegar og på bane i Knarvik ei veke kvar haust. I 2013 var 500 frivillige i sving for å gjere arrangementet minneverdig for dei 6000 påmelde. Utan frivillige langt utanfor medlemmane i idrettslaget, hadde det ikkje vore mogeleg å arrangere KnarvikMila slik den er i dag – ei veke til endes med mellom anna konferanse, konsertar og messe.

Sjølve Knarvikmila helga blir i 2022 fra 2.-4. september, men vi ønskjer å sette farge på heile jubileumsveka, og vi vil være synleg med aktivitetar frå helga før. Det vil også bli eit tettpakka program i konkurransehelga med ei rekke underhaldningsinnslag på programmet.

Slik var programmet i 2021: (Programm for 2022 er under planlegging og ny oppdatert informasjon kjem så snart dette er klart).

Knarvik Xtrem - fredag 3. september: Er du klar for ei ekstra tøff utfordring? Knarvik Xtrem er eit skogsløp som går i terrenget ovanfor Knarvik Stadion. Start og mål er på Knarvik Stadion.

HalvMaraton - søndag 5. september: Frå start på Knarvik Stadion går løypa mellom anna over Hagelsundbrua, og Krossnessundbrua. Distansen har god deltaking både nasjonalt og internasjonalt, og er mellom anna favoritten til Haile Gebrselassie. Aldersgrense 15 år.

NaturMila - fredag 27. august - 2. september: Del ei aktiv stund – gå med dei du er glad i. 

10 km - lørdag 4. september: Klar ein klassikar! Distansen blir arrangert for 39. gong i 2021

5 km - lørdag 4. september: Er du klar for halvmila? Løp for å leve i samarbeid med Kreftforeningen. 5 kilometeren er eit lett løp som går i ein bilfri trasé.

FjordViking - 3 løp på 3 dagar: Tek du denne utfordringa? Delta på: KnarvikXtrem (lang løype) fredag 3. september,  10 km lørdag 4. september og halvmaraton søndag 5. september

VOLVAT-Stafetten - lørdag 4. september: VOLVAT-Stafetten er ein stafett på 5 etappar. Kvar etappe er på mellom 750m – 1250m.

MiniMila & KnøtteMila - søndag 5. september: Ein familiedag for akkurat passeleg store føter!  MiniMila & KnøtteMila går av stabelen kvart år på Knarvik Stadion.

UngdomsMila - 3. september: Ein idrettsdag for kropp og hjerne. UngdomsMila er ei ca. 2 km lang grusløype, og gutar og jenter startar for seg. Ein startar klassevis.

Det er ikkje bare dei som vinn dei ulike løpene som er vinnara, det trekkes også mange premier på startnummer.

Påmelding på knarvikmila.no

Visninger

02 september:
03 september:
04 september:

Kontakt

Adresse:
  • Knarvik Stadion
  • 5903
  • Alver
Telefon:
971 45 628
E-post:
info@knarvikmila.no
Nettside:
www.knarvikmila.no

Hvor er Knarvikmila?