Bestill

Den sjarmerande Tomrefjordingen tok Noreg med storm, då han atter ein gong beviste at han er ein av Noregs beste vokalistar. Han beherskar alle sjangrar og har i 2021 turnért store delar av landet til fantastiske kritikkar både frå arrangørar, anmeldarar og ikkje minst publikum.

I alle år har Knut Marius sunge på engelsk, men no skriv han på norsk og då på sin eigen dialekt. Sidan starten av 2019 har han fundert, skrive, stanga hovudet i veggen, jubla, grått og skratta, og her er resultatet. Med tekstar som handlar om stor kjærleik og mellommenneskelige relasjonar, er det ein dønn ærleg artist som no legg innsida av sjela i dei nye låtane. Publikum vil sjølvsagt òg få høyre eit utval frå Knut Marius sine favorittar frå Stjernekamp og hit`s frå tidlegare utgjevingar.

Med fantastiske musikarar og produsentar er det no ein sound som bygger opp under formidlinga til den sjelfulle romsdalingen, og vi unner alle ein lytt på resultatet! Høyr og sjå musikkvideo til «Kan du hjelpe me å hjelpe» og «He du prøvd å elske» eller den nyaste singelen «Ærlig»

Kontakt

Adresse:
  • Gerhard Voldnes veg 7
  • 6090 Fosnavåg
Telefon:
+47 913 28 908
E-post:
post@fosnavagkonserthus.no
Nettside:
www.fosnavagkonserthus.no/knut-marius-turbo-tour-volume-ii-2023-e7r4lg/

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Parkering:

Hvor er Knut Marius: Turbo Tour Volume II // Fosnavåg konserthus?