Tvers over fjorden på Vangsnes reiste han samstundes den mektige statuen av helten Fridtjof som elska Ingebjørg, Bele si vakre dotter. Desse segnfigurane kjente keisaren frå den svenske diktaren Elias Tegner sitt verk "Fritjofs Saga". 

Gravhaugen til Kong Bele

Kong Bele, konge over Sygnafolket, skal i følgje soga vere gravlagt i den største gravhaugen. Kong Bele var sentral i "Fridtjofs sagaen", ei islandsk fornaldersoge frå tidleg 1300-tal. Soga var påverka av dei romantiske mollomaldersagaene frå same tida og finst i fleire versjonar, Det er svært usikkert om personane i soga har levd. 

Belehaugen

Den største gravhaugen var den såkalla Belehaugen. i 1886 vart det funne ei steinkiste nær botnen. Steinkista var den einaste grava i gravhaugen, som vart fagmessig utgravd. Eit spyd, lagt over den største dekkhella, datert mannsgrava til folkevandringstida (400-550 e.Kr.) i eldre jarnalder. Seinare, i Vikingtida, vart gravhaugen laga større i samband med gravlegging av nok ein mann. Det er uvisst kva våpen og andre gjenstandar han fekk med seg i grava. Ein mann vart gravlagd med sverdet sitt i den andre gravhaugen. Dei to gravhaugane blei restaurert i 1886, haug 2 var blitt mykje avjamna i toppen. På denne gravhaugen vart det satt opp ein bautastein frå Flesje, men som opphaveleg skal ha stått på garden Bele. 

Soga om Fridtjov Den Frøkne

I første halvdel av 1800 var romantikken rådande i europeisk åndsliv, i filosofi, litteratur og biletkunst, og inspirasjonen blei ofte henta frå førhistorie og mellomalder. Esaias Tegner sitt store romantiske epos "Frithiofs Saga", frå 1820-25, var basert på den islandske soga. Tegner gav ei episk-lyrisk framstilling av Kjærleiksforholdet mellom Ingebjørg den fagre, dottera til kong Bele, og Fridtjov den frøkne (den modige), son til hersen på Vangsnes. 

Balestrand vart kunstnar- og turistbygd

Soga vart enormt populær og oversett til dei fleste europeiske språk. Det var stor interesse for å sjå landskapet og kulturminna i soga. Kunstnarar som Gude, Fearnley, Flintoe og Fahlcrantz teikna og måla gravhaugane. Turistar kom til Balestrand, og interessa for området er reflektert i dei særprega husa i dragestil, oppført av kunstnarar og andre tilreisande mot slutten av 1800. Keisar Wilhelm den 2. av Tyskland var åreviss gjest i dei norske fjordane, også her i Balestrand. I august 1913 var keisaren og kong Haakon den 7. til stades ved avdukinga av Fridthjov-statuen på Vangsnes og bronsestøtta av Kong Bele på Belehaugen, begge gjeve i gåve av Vilhelm den 2.

Fem gravhaugar frå Vikingtida

Fram til 1820-åra låg her fem gravhaugar. Gravhaugane låg strategisk plassert i landskapet - dei skulle vere godt synlege for folk som reiste på fjorden. Inspirert av soga vart det i 1820 åra grave etter oldsaker i haugane. Ut frå gjenstandane vart minst fire menn og ei kvinne gravlagde her. Belehaugen inneheldt meir enn ei grav, kanskje gjaldt det også for fleire av haugane. Gravene er i hovudsak frå vikingtida. Då vart den døde gravlagt med personleg utstyr, som våpen eller smykke, og med reiskapar til det neste livet. Gjenstandane reflekterte status og yrke, Materialet avspeglar ingen konge i vikingtida. 

Kontakt

Adresse:
  • 6899 BALESTRAND
Telefon:
57 67 14 00
E-post:
post@sognefjord.no
Nettside:

Hvor er Kong Bele?