Tomren har gjennom mange år vore kjend frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn og Kleine Heine. Duoen har varma opp for a-ha og blitt stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølve, Kunsten å jodle. Dei to har også vitja Poesifestivalen tidlegare, eit besøk publikum ikkje gløymer! 

Tomren spelar også med Ragnar Hovland i Hovland og Tomrens Poporkester, og i bandet Kniven På Strupen saman med Ole Paus og Heine Bugge. Og ikkje nok med det, han er også landets einaste strupesongar med ein bronsemedalje frå VM i strupesong. 

Den musikalske rekkjevidda spenner frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, dialekt-punk og psykedelisk protest-musikk. Bjørn Tomren er ein historieforteljar frå øvste hylle og serverer oss mørke, men humoristiske betraktningar frå kvardagslivet. Ein konsert med Tomren kan også by på countryviser, mordballadar og kanskje nokon sære historier frå heimbygda på Møre. 

Poesifestivalen rullar ute den raude løparen og ynskjer velkomen til konsert! 

KJØP BILLETT

Type: Konsert

Tid: 10. september, kl. 22.00

Stad: Kongressen

Tider

Fra 10. september til 10. september

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
22:00
Søndag:
Stengt

Kontakt

Adresse:
  • Promenaden
  • 5730 Ulvik
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Konsert - Bjørn Tomren - Kongressen?