Bestill

Kvar desember sidan 2010 har PUST turnert i heile Noreg med konserten «Julero». I 2011 kom julealbumet med same namn og vart av kritikarane omtala som «En juleplate for evigheten». I 2015 anbefalte Aftenposten denne plata som ei av ti juleplater du berre «må ha» i samlinga di, i lag med julemusikk av blant andre Frank Sinatra, Elvis og Ella Fitzgerald.

I 2020 kom bandet sitt sjette album «Lengt etter lys», beståande av både nykomponerte og meir kjende julesongar. Albumet fekk toppscore av amerikanske RARB - The Recorded A Cappella Review Board - og vart framheva som eit av årets album (picks of the year). Albumet fekk også strålande tilbakemeldingar i norsk presse:

«Det er altså en så vanvittig vakker klang i og av PUST både individuelt - og ikke minst kollektivt, at hvis ikke julefreden senker seg under avlytting av «Lengt etter lys» så bør man nesten søke profesjonell hjelp».

Tor Hammerø – Nettavisen, 2020

PUST er noko unikt innan nordisk vokalmusikk. Ein konsert med PUST byr på eit uforutsigbart møte med den menneskelege stemma, der dei seks ulike stemmene i gruppa skaper ein magisk, mektig og leiken samklang.

PUST består av:
Camilla Susann Haug - sopran
Anne Hilde Grøv - mezzo
Elisabeth Anvik - alt
Jostein Hasselgård - tenor
Håvard Gravdal - baryton
Mads Iversen - bass

Visninger

Ørsta Kulturhus (Ørsta)
29. november:
19:30

Kontakt

Adresse:
  • Holmegata 7
  • 6151 Ørsta
Telefon:
+4770045500
E-post:
post@orstakulturhus.no
Nettside:
www.orsta.kulturhus.no/pust-w9mns7/

Fasiliteter

Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Konsert / PUST - Julero // Ørsta Kulturhus?