Kor Løye har invitert tre andre kor frå Sunnmøre til korkonkurranse laurdag 9.april, og det er forventa høg stemning i salen når vel 100 koristar skal synge for kvarandre og for eit musikkinteressert publikum! Ein uavhengig jury på tre personar, skal i lag med publikum avgjere kva for eit kor som gjer det best. Vurderingskriteria er SHOW-SJARM-MUSIKALITET-HEILSKAP. Dette vert moro! Heilt til slutt skal alle kora på scena for eit fellesnummer. Då kjem nok taket i storstova til Stranda til å lette! Dei fire kora som skal delta i konkurransen er; Kor Løye, Kor Nøye, Åmdalskoret Berre Damer, og blandakoret Øyklang.
Konserter
Korkonkurranse i Storfjord
Gløym melodi grand prix! Gløym The Voice og Idol! For no er det nemleg snart klart for KORKONKURRANSE i Storfjord Kulturhus!
Stranda