Kom tett på Hardangerfjorden medan vinden bles i håret på ein adrenalinfylt RIB-tur med Hardangerfjord Adventure.

Sjølv om turen er av det kortare slaget, får du oppleva mykje på dei 45 minutta du har i RIB-båten. Den korte fjordsafarien, som har avreise frå Øystese, går innom den gamle handelsstaden Herandsholmen på «hi sio» av fjorden. Deretter går turen vidare til Kvamsøy, som er ei av dei mest nytta og attraktive øyane i Hardanger-regionen.

Det er lagt opp til fleire stopp tett opptil land for å oppleva naturen og livet langs fjorden på best mogleg måte. Guidane til Hardangerfjord Adventure sit alle på mykje lokalkunnskap, og dei fôrar gjestane med historie frå dei ulike plassane langs turen. Eit godt tips er å ha fotoapparatet lett tilgjengeleg!

Hardangerfjord Adventure tilbyr også gruppeturar frå andre stader i regionen mot nærmare avtale.

Priser

Fra:
NOK 595

Kontakt

Adresse:
  • Hardangerfjordvegen 613
  • 5610 Øystese
Telefon:
93204417
E-post:
post@hardangerfjord-adventure.no
Nettside:

Hvor er Kort fjordsafari med RIB båt - Hardangerfjord Adventure?