Et merkeikon

Arkitektur og kulturarv

Fjordamattunet

Matopplevingar, kurs og måltid I bakstehuset i Støfringsdalen i Jølster får de matopplevingar, matkurs og måltid. Bakstehuset er ein møteplass for vener, familie, organisasjonar, kollegaer, bedrifter eller grupper. Ein stad der de kan møtast for å lære, oppleve og nyte. Kari er bonde/husmor og utdanna faglærar i husstell frå Stabekk med lang erfaring som kurs- og foredragshaldar om mat og tradisjonar. Kari er ein av forfattarane av Fjordamat -  kokeboka for Sogn og Fjordane, Alle tiders Fjordamat – til høgtider og merkedagar og Ta kaka. I 2008 kom også boka Fjordamat, som er ei revidert utgåve av det beste i dei to Fjordamatbøkene. Bakstehuset, som kurslokalet vert kalla, er laga til i mjølkerommet og grisehuset i den gamle fjøsbygningen som står i tunet. Rett bak bakstehuset ligg åkeren der det vart dyrka bygg på garden fram til rett etter andre verdskrig. I bygget er det mura ein ny vedfyrt bakaromn der ein kan steikje 24 brød samstundes, og det er laga til eit moderne kjøkken. I tillegg er det langbord, som kan nyttast til baking eller felles måltid. Lokalet kan romme opp til 35 personar, men aktiviteten vil bestemme kor mange ein kan vere. Om vi tek heile løa i bruk kan vi ha større arrangement, og sommarstid har familien brukt den til bryllaup og bursdagsfeiring. Løa vert også nytta som konsertarena, mellom anna under Førdefestivalen i juli. Bestill kurs ved å ringe 95146531, 57727143 eller sende e-post til kari@fjordamattunet.no. Sjå heimesida www.fjordamattunet.no  for meir informasjon.

Frå Sunnmøre til månen

Bli med på ei heilt spesiell reise og lær meir om jorda si historie og kvifor eit område på Sunnmøre gjorde at NASA kunne sende folk på månen.  Besøk område der mange av dei fremste geologane i verda har studert gjennom meir enn 100 år. Opplev professor Goldsmith sitt Eurekavatn og sjå jordas si historie direkte i berggrunnen. Sjå naturreservatet med dei mest unike granatperidotitane eklogitt " du kan tenke deg! Høyr kvifor kunnskap frå dette geologiske område gjorde at NASA kunne sende folk til Månen. På denne turen vil du få kunnskap om korleis ein kan plukke dei flottaste edelsteinane på peridotplassen . I tillegg får du besøke den mest komplette olivinsamlinga i verda på Norsk olivinsenter. Vi anbefaler at du tek med oppladda mobil eller kamera, du kjem til å kunne ta bilete du aldri hadde drøymt om å kunne ta! Berre 4 turar vert satt opp i løpet av 2020 sesongen. Sikre deg plass i dag! Program:  10.00 Oppmøte Norsk olivinsenter. Omvising Norsk olivinsenter / Informasjon om dagen. 11.30 Avreise til peridotplassen (Sunndalen) 12.00 Lett utelunch med drikke på peridotplassen 12.30 Middels krevande gåtur til Helgehornsvatnet (50 min) 13.30 Geologisk / botanisk forteljarvandring i dette unike geologiske området. Eurekavatnet / Goldsmith / Naturreservatet 16.00 Retur Peridotplassen 16.30 Peridotplukking med guiding . Du får med ein ekspert / geolog som kan vurdere funna dine og hjelpe deg å leite etter dei ekstra fine, som ein kanskje kan få fasettslipt?

Geostien frå Nordrepollen til Botnabrea

Ein geosti – kva er det? Naturen rundt deg er full av fantastiske historiar. Vegen frå Nordrepollen oppover forbi Godalen og Markjelke og stien vidare til Botnabreo er i ferd med å bli eit mykje brukt turområde. Dalføret oppover frå Nordrepollen er dramatisk og spektakulert. Dette er eit lett tilgjengeleg område der du kan sjå korleis landskapet er forma av naturkreftene, av brear og vatn. Her kan du bli kjent med mange ulike bergarter og mineralar, og du kan sjå korleis dei vakre fjellplantene gjennom ein lang kamp for å overleva, har tilpassa seg eit barskt miljø med lite næring, mykje snø og ein kort vekstsesong. Her i dette ugjestmilde klimaet har også menneska funne seg ein plass, mat til husdyr og elektrisk energi til eit samfunn som kan synast umetteleg på naturressursar. Og hit søkjer folk langvegsfrå for å trekkja pusten, høyra lyden av ein bekk, for å samla tankane, leggja frå seg ei bør og for å henta krefter.  Føremålet med geostien frå Nordrepollen til Botnabreo i Mauranger, er å gje eit lite innblikk i nokre ev dei fantastiske historiane i det naturlege klasserommet. Øyresdalen Oreskogen i Øyresdalen Pionerplanter Godalen Godalsvatnet Kulturminne Beitemarka i Godalen Vierkratt og bjørkeskog Fagerdalen Skoggrensa Fjellflora Høgstaudevegetasjon Bergfrua Botnane – eit geologisk og botanisk klasserom Morenar Søterot Faldingar Jordskjelv og jern Vulkanar Blå steinar – serpentinitt Skuringsstriper Breelv-delta

Herdalssetra

Den vakre Herdalssetra ligg 520 m.o.h opp frå bygda Norddal og innanfor UNESCOs verdsarvområde. Køyreturen opp etter bomveg (10 km) er bratt og fascinerande med fleire fossefall til ein når Herdalsvatnet, som strekkjer seg om lag 2 km innetter dalen. Vegen går langs Herdalsvatnet og i enden breier grassletter seg utover den vide dalbotnen. I enden av desse slettene ligg den unike Herdalssetra, som dannar ei tett klyngje med over 30 gamle seterhus. I tillegg finst fleire hustufter etter tidlegare gards- og seterdrift. Spor av busetjing så langt tilbake som til tidlege mellomalder og enno eldre konstruksjonar for reinsjakt har blitt funne i Herdalen. Det geologiske naturreservatet Kallskaret ligg omlag to timers gange frå setra.  Dette er ei av dei største fellessetrene for geit her til lands, og her har det vore ein ubroten setertradisjon i over 300 år. På setra finst også kyr, sauer, og fjordhestar. Ungane kan likevel finne ein gode leikeplassar her. Her kan ein få smaksprøvar av geitosten og geitmjølk-karamellen som blir laga på gamlemåten. Å rusle mellom dei gamle bygningane, drage inn frisk fjelluft og angen frå beitande dyr gir ro i sinnet. Bak setra ruver fjellet Hereggja (1557 m.o.h.) steilt til vers, og landskapet inviterer til fjell- og fisketurar. Det er høve til å overnatte i seterhusa, kjøpe fiskekort ofor elver og vatn. Setra har også sin eigen, enkle seterkafé med servering av rømmegraut med spekemat og anna tradisjonskost gjennom sommaren. Sesong: Juni - september Guida turar inkludert smaking og/eller lunsj. For grupper; arrangement og prisar på forespørsel   ​​​​

Lusterfjorden - inn mot Jotunheimen

Landskapet kring Lusterfjorden er svært malerisk, og mange store kunstnarar har lete seg inspirere av den spesielt vakre naturen her i enden av Sognefjorden. Lusterfjorden strekkjer seg heilt inn til foten av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen, og frå Skjolden i aust til Solund i vest, er Sognefjorden heile 204 km lang. Det bur folk langs begge sider av Lusterfjorden og naturen er prega av eit svært frodig og vakkert kulturlandskap med frukt og bærhagar. Sjølve fjordvatnet har ein frisk, lysegrøn farge fordi breelvane fraktar fine sandkorn ut i sjøen. Fjorden var i tidlegare tider ei av dei viktigaste ferdselsårene mellom Bergen og fjellbygdene på det indre austlandet. Folk tok seg over Sognefjellet og reiste med rutegåande båtar mellom Skjolden og Bergen. I dag går det veg på begge sider av Lusterfjorden, og ein kan krysse fjorden med bilferje frå Solvorn til Urnes. Den nasjonale turistvegen, Sognefjellsvegen, går frå Gaupne gjennom mange små bygder langs nordsida av fjorden til Skjolden, og held fram derifrå over Sognefjellet til Lom. Den smale og fredelege strekninga mellom Urnes og Skjolden vert ofte kalla "den romantiske vegen". Meir om Lusterfjorden: Sørsida – "Den romantiske vegen" Vegen langs sørsida, mellom Urnes og Skjolden, vert kalla Den romantiske vegen. Her køyrer du på smale og svingete vegar gjennom små, idylliske grender. Sørsida har ei spennande historie, og fleire stader kan du besøke eineståande turistattraksjonar. Den mest kjende attraksjonen er Urnes Stavkyrkje, som er den eldste stavkyrkja i Norge og står på UNESCO si liste over dei mest verneverdige kulturminna i verda. I Kroken ligg Munthehuset som var møtestad for forskarar, geografar og ikkje minst nokre av dei fremste norske kunstmålarane i den nasjonalromantiske perioden (første halvdel av 1800-talet). Både Flintoe, J.C.Dahl, Fearnley, Tidemand og Gude mfl. besøkte denne perla ved Lusterfjorden for å arbeide og hente inspirasjon. Munthehuset er i dag restaurert og ope for besøkande etter avtale.  På Sørheim starta den fyrste saft- og syltetøyproduksjonen til Lerum, som i dag er den største saft-, syltetøy- og juiceprodusenten i Norge. Den vesle fabrikken, Safthuset, vart bygd i 1909, og er no open for omvising etter avtale. Mellom Sørheim og Kroken finn du den majestetiske Feigumfossen. Med eit fritt fall på 218 meter, er dette eit av dei aller høgste fossefalla i Norge. Fotturen inn til fossen tek berre 30-40 minutt. Nordsida – Den nasjonale turistvegen På nordsida av fjorden ligg den vesle, idylliske strandsitjarstaden Solvorn. Her kan du vandre rundt i eit av dei best bevarte bygningsmiljøa ved Sognefjorden, og besøke Galleri Walaker i det historiske hotellet Walaker Hotell. Gaupne er kommunesenteret ved Lusterfjorden, og her startar den nasjonale turistvegen (RV 55) som går langs fjorden til Skjolden og over Sognefjellet til Lom. Du kan sjå litt av Jostedalsbreen herifrå, men dei fleste køyrer den korte avstikkaren inn til Nigardsbreen for å sjå blåisen på nært hald og for å vere med på breturar. I Gaupne kan du og besøke den gamle kyrkja (Gaupne gamle kyrkje), som truleg er bygd i 1647 og inneheld deler av ei eldre stavkyrkje. Lenger inne i Lusterfjorden finn du Dale kyrkje i bygda Luster. Dette er ei særmerkt steinkyrkje frå 1200-talet, med gotisk arkitektur og veggmåleri frå 1400-talet. Den nasjonale turistvegen og "Den romantiske vegen" møtest i den vakre bygda Skjolden innerst i fjorden. Her finn du mellom anna Fjordstova, som har klatrevegg, symjebasseng, bibliotek, husflidsbutikk, utstillingar og ein kafe med fantastisk utsikt utover Lusterfjorden. Den verdskjende, austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) heldt i periodar til på Skjolden i byrjinga av 1900-talet, og skreiv nokre av sine viktigaste verk her. I eit brev til ein venn skreiv han i 1936 føljande om Skjolden: "Eg kan ikkje tenkja meg at eg kunne ha arbeidd slik nokon annan stad som eg gjer her. Det kjem av roa her, og kanskje også av det vedunderlege landskapet. Eit landskap fylt av stille alvor."

Norwegian Wood – Lanternen

Lanternen er et overdekket amfi i glass og tre som ligger i sentrum av Sandnes. Lanternen ble ferdigstilt i november 2008. Gjennom utviklingen av sjøfronten i Sandnes har havn og industri i de senere år blitt erstattet av boliger, kjøpesentre, hotell, kulturhus og høyskole. Gamlebyen er avskåret fra sjøen av jernbanen. Kvartalene her er preget av trehusbebyggelse i to til fire etasjer. Langgata er det tradisjonelle handlestrøket, gågata alle må innom på lørdagene for torghandel, shopping, kafeer og natteliv. Sandnes kommune ønsket gjennom Norwegian Wood-konkurransen å bygge en scene og overdekning på det sentrale plassrommet i Langgata, som et bidrag til revitalisering av gamlebyen i møtet med den økende konkurransen fra havnefronten. Sandnes har flere ulike plassrom, også langs og i nærheten av Langgata. Taket skjermer og definerer et område av gulvet, som igjen underdeles av søylekonstruksjonene. Det skapes et fleksibelt rom, åpent for ulike tolkninger og ulike funksjoner. Takets halvtransparente konstruksjon, med sin ikonografiske låveform, bæres av søyleknipper i eik. Søylene spriker for å fordele trykket i takflaten og for å stabilisere konstruksjonen. Benker og tekniske føringer er integrert i søylene. Den opprinnelig foreslåtte takkonstruksjonen var et selvbærende dobbeltskall av komposittmaterialer, epoxy eller polyester, som innebar bruk av løsemidler NW ikke tillot. Tre og glass ble til slutt det naturlige valg i en tredimensjonal gitterkonstruksjon, som består av kun én type tynne trestaver, som ikke er differensiert i primær- og sekundærelementer. Innenfor systemet forsterkes konstruksjonen ved å supplere antall trestaver. Grunnstammen for prosjektering, statisk beregning og produksjon har vært en detaljert 3D-modell. Konstruksjonens kompleksitet gjorde at den ikke kunne deles opp i separate deler for statisk beregning. Fra 3D-modellen ble det generert ulike lastbilder for tusenvis av knutepunkter og elementer.

Sylte kyrkje

Sylte kyrkje i Valldal vart bygd i 1863 og er ei langkyrkje med heile 600 sitjeplassar. Arkitekt var Nils Andersen Liaaen, Ålesund, og byggmeister var Gjert Lien, Nordfjordeid. Kyrkja har stor likskap med Sunnylven kyrkje frå 1859. Det vart lagt ned mykje dugnadsarbeid, bygdefolket var ivrig etter å få eit nytt og fint gudshus på denne sida av fjorden. Vindauga er store og mange, og heile kyrkja ber preg av byggjestilen i denne perioden, då det skulle vere lyst, romsleg og venleg. I koret er det fire glasmålarstykke med kjende motiv frå Jesu liv. Desse er komne til som gåve til kyrkja i samband med 100-års jubileet. Innvendig er kyrkja dekorert med lette og lyse fargar. Interiøret er elles enkelt og stilreint. Altartavla er ein kopi av Gustav Dorés Jesus i Getsemane, og er måla av Peder Cappelen Thurmann. I Sylte kyrkje finst det lite av inventar som har alder eller stikk seg særleg frå det ein vanlegvis ser i kyrkjene frå denne tida. Det kan synast som om ein hadde lite sans for å ta vare på det gamle; korkje preikestol, døypefont eller kyrkjesølv frå dei tidlegare kyrkjene i Valldal er tekne vare på. Men eit forvitneleg minne finst likevel. I samband med at Døving-kapellet vart rive og flytta til Sylte, vart det eldgamle altarbordet av stein lite verdsett. I lang tid vart det nytta som trappehelle! Men ved 100-års jubileet av Sylte kyrkje fann ein på å etterlyse steinplata, og det gamle altarbordet med innhogd oblatgøymsle har no fått sin plass i kyrkja og står til venstre for koroppgangen. (Kjelde: Norddal kommune). Ope: alle dagar 15/6-15/8 kl. 10-16.