Et merkeikon

Kunst og museum

Alf Ertsland: Mitt landskap. Maleri og grafikk

Alf Ertsland Mitt landskap 24. november – 19. desember Åpning i Galleri Langegården 24. november kl. 19.00- 21.00 Kunstneren vil være til stede. NB: Munnbind benyttes i galleriet. ………………………………………………………………………………... Alf Ertsland (f. 1946 Osterøy, bor og arbeider i Oslo) er en av våre sentrale kunstnere. Han har gjennom årene hatt et stort antall utstillinger i inn- og utland, og hans arbeider er kjøpt inn til f.eks. Nasjonalmuseet, Norsk kulturråd, Bergen Billedgalleri (KODE), Riksgalleriet, Stavanger Kunstmuseum, H.K.H. Dronning Sonjas kunstsamling, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Nordisk Kunstsenter, Helsinki. Utsmykninger omfatter bl.a. Politihøgskolen, Ullevål Sykehus og Refsnes Gods, Moss. Alf Ertslands malerier - mettet med farge i tykke, taktile strøk - inngir en følelse av noe naturlig og uforfalsket. Farger og motiv kan ofte gi assosiasjoner til folkekunst fra gammel tid. Alf Ertsland skriver om sine arbeider: "Utgangspunktet for mine arbeider har vært natur og kultur. Jeg er oppvokst i Sunnhordland med naturen som lekeplass. I alle år har jeg hatt en fascinasjon for vår felles norske kulturarv, og spesielt bondekulturen med sin frodige og rike tradisjon av håndverk og kunst. Jeg har dessuten en klassisk franskinfluert malerutdannelse fra Kunsthøgskolen i Oslo. Jeg skiller ikke mellom figurativt og nonfigurativt. Alt handler om bearbeidelse av inntrykk, og leting etter berøringspunkt mellom innhold og form. Det har i de senere årene oppstått et behov av å forene tanker og ideer fra tidligere arbeider med erfaringer fra senere årene. Dette gjelder spesielt for en del av mine arbeider innen grafikk. Jeg har i den siste tiden arbeidet med foto og kan se en viss påvirkning fra dette både i maleri og grafikk.»

Norsk Olivinsenter (NOS)

Norsk Olivinsenter har lokalar på Thue gamle skule på Åheim. NOS er samlokallisert med Gullsmed Bjørnar Ekremsæter. Du kan sjølv plukke eigne edelsteinar på Peridotplassen om lag 6 km frå Åheim sentrum. I grusen kan du finne flotte eksemplar av peridot, granatperidotite og eklogitt. På Åheim kan du prøve lukka som skattegravar, og sjå om du klarer å finne dei vakre steinane som skjuler seg under grusen i Sundalen. Dette området har ein av verdas største forekomstar av mineralet olivin, som i likskap med frukta har ein karakteristisk grønfarge. Området er også rikt på andre mineralar, og spesielt granatperidotitten ved Helgehornsvatnet har lenge fascinert geologar, som har funne viktige spor etter den tidlige utviklinga av jordskorpa her. Å grave etter edelstein er spennande, mer krev litt tålmod... Har du lukka med deg, vil du finne ein stor og skikkeleg flott peridot. På skattejakt i Sundalen kan du også finne eklogittar. Dette er fine, raud- og grønspraglete steinar som vert danna særs djupt nede i jordskorpa, og er uvanleg tunge. Ta med deg nistepakke og ein porsjon flaks i sekken, og prøv lukka på skattejakt i Sundalen - her skjuler det seg mange flotte smykkesteinar for den som er flink til å grave! Åheim og Vanylven si lokalhistorie her er sterkt prega av gruvedrifta på olivin i fleire generasjonar. Selskapet A/S Olivin vart stifta av den Norske Stat i 1948. Senteret vil ha ulike temautstillingar som omhandlar historie, framtidas produkt og myter rundt mineralet olivin og kringliggande bergartar som for eksempel eklogitt og granatperidotit. Olivinsenteret vil også vere ein base for guida turar i nærmiljøet med fokus på mineralførekomstar. Norsk olivinsenter er lokalisert ved Valborgsamlinga på Thue gamle skule og opnar sommaren 2011. Edelsteinen peridot er ein smykkestein allereie kjent frå antikken. Peridot frå Åheim er verdskjent for sin intense grønfarge, og reinheit. Alle dei største mineralmusea i inn- og utland har peridot frå Åheim i sine samlingar. Dei mest kjende fasettslipte peridotane i verda, er på over 200 karat og er innprega i gull i "The Shrine of the Magi" i Tyskland (Køln).

Skjerdal Stølsysteri og Kafe

Skjerdal Stølsysteri og Kafe Skjerdal Stølsysteri og Kafe er ein levande støl med ca 75 geiter, killingar, sauer og hestar. Geitene gir melk til stølsysteriet som yster tradisjonell kvit og brun geitost. Her kan du helse på geitene og få ei omvisning på stølen med budeiene og på kafeen får du  stølskost. Vi serverer tradisjonelle melkekaker med ein smak av den osten vi lagar, kaffe/te og økologisk eplesaft frå garden. Turen frå garden Skjerdal opp til stølen tek ca 30 min og passar for alle, men har du dårlege kne kan det vere litt for hardt. Turen går på traktorveg og er lett å følge. Kafeen er open 1. juli – 30. august. Opningstid: 10.00- 18.00   Skjerdal - snuplass og parkering. I Skjerdal ligg garden vår og 2 andre gardar i eitt tun. Her er det snuplass og besøkande kan køyre hit, men det er fint om de kan parkere på tilvist gjesteparkering. Type tur: Vandring  Skjerdal – Skjerdal Stølsysteri ca 30 min. Du kan og fortsette turen vidare inn dalen t.d. til Fjellstølen, eller ta ein topptur til Skulenosi, Leimsnosi eller Blåskavlen. Alternativ 1: Guida tur med Fjordsafari https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/basic-fjordsafari-og-vandretur-til-geitestolen-leim-p853603 Alternativ 2: Sykle til Skjerdal og vandre Alternativ 3: båt eller kajakk til Skjerdal Kai. Turen frå kaien opp til Skjerdal stølsysteri tek ca. 1 time og 30 min. Stien går opp gjennom hagen til sommarhuset Bygningen og du kjem opp til ein stikkveg som fører opp til hovedvegen til Skjerdal. Følg vegen til Skjerdal og traktorvegen vidare til Skjerdal Stølsysteri og Kafè.   Avstander: Aurland- Skjerdal: 6 km. Skjerdal - Skjerdal stølsysteri og kafe: 1,5 km Passer for : Alle  MEN, har du dårlege kne eller liknande, vil stigningen vere for hard   Område: Aurland Sesong: 1. Juli – 30. August Kontakt og Booking: Anne Karin Hatling: 94 82 94 31 Meir info: www.skjerdal.com

Utstilling på Runde Miljøsenter - Rundeskatten, fuglefjell og "Havets sølv"

Runde Miljøsenter si utstilling held open dagleg i sommarsesongen og under annonserte arrangement gjennom året. Ellers er ho open for grupper (min. 20 personar) på førespurnad, både med og utan guide. Eit besøk i utstillinga kan og kombinerast med føredrag om ulike tema som senteret har kompetanse på. Fugleutstillinga: I andre etasje av senteret ligg ei utstilling som viser samspelet i naturen, mellom fugl, fisk og havstraumar. Utstillinga er designa og skreddarsydd for publikum på Runde Miljøsenter, og inkluderer også eit kunstig fuglefjell. I tillegg til fuglane, får ein sjå oter, steinkobb og skjelettet av ein arrdelfin som dreiv i land på Runde våren 2013. Rundeskatten: Senteret har bygd opp eit informasjons- og opplevingssenter. Her er myntar og andre gjenstandar frå Rundeskatten viktige element, i tillegg til modellen av Akerendam som Robert Pareliussen har bygd for miljøsenteret. Skatten er eit av dei største myntfunna i Europa, og består av om lag 57 000 sølv- og gullmyntar. (6624 gullmyntar). Det vart funne over 400 ulike sortar mynt. Finnarane fekk 75 prosent, den norske stat fekk 15 prosent, og den nederlandske stat fekk 10 prosent. Den norske staten sin andel av myntane vart fordelt mellom Myntkabinettet i Oslo og Bergen Sjøfartsmuseum. Rundeskatten er det største myntfunnet som har vore gjort i Noreg. I nærare 40 år vart dette kulturhistoriske materialet, og ein stor del av myntane fra Rundefunnet, oppbevart ved Bergen Sjøfartsmuseum. 6. januar 2011 kom skatten tilbake til Runde! I utstillinga får ein sjå både myntar og andre interessante delar av funnet Historia: 19. januar 1725 la Akerendam ut fra øya Texel i Nederland i følge med to søsterskip. Lasten var mellom anna 19 pengekister med gull- og sølvmyntar, og målet var Batavia i Indonesia. Grunna fara for piratangrep i den engelske kanal går konvoien nord for England, og under en storm i Nordsjøen kjem Akerendam bort fra følget og forliser på nordspissen av Runde. Akerendam tilhøyrde det nederlandske selskapet Vereinigte Oostindische Compagnie, som dreiv utstrakt handelsvirksomhet med fjerne austen. Fra Austen kom båtane tilbake med krydder og andre ettertrakta varer som så vart selde vidare i hele Europa. Akerendam vart bygd i 1724, var 145 fot lang, og hadde 200 manns besetning. Om morgenen 8. mars 1725 ser bebuare på garden Goksøyr på Runde at stormen har skylt i land vrakgods på stranda. Tilfeldigvis skal det haldast ting i nærleiken, og amtmann Erik Must får raskt beskjed om funn av vrakgods. Han sender sine representanter til Runde for å føreta undersøkingar. Dei næraste dagane og vekene vert det gjort funn av både omkomne og vrakgods i eit stort område. 19. mars vert det etter lov og praksis på den tida heldt offentleg auksjon over noko av vrakgodset, bl.a tønnestavar, seglduk, jernband og eitt eller flere 50-liters fat med fransk vin. Alle dei om lag 200 menneskene som var ombord i Akerendam mistet livet i forliset. Skatten vart oppdaget 6. juli 1972 av dei tre sportsdykkerne Bengt-Olof Gustafsson, Stefan Persson og Eystein Krohn-Dale. Dei tre sportsdykkarane fann nærare 57 000 mynter, der 6624 var gullmynter og resten sølv. Året etter vart stedet undersøkt av Bergen Sjøfartsmuseum. Over 400 ulike mynttyper vart funne. Havets sølv: Billetten til utstillinga inkluderer også visning av den spektakulære dokumentarfilmen Havets sølv som på fengande vis tek sjåaren med på ei reise ned i havet utanfor senteret, såvel som opp i fuglefjellet. Filmen fasinerer alle aldersgrupper.