Lett tur med mange kulturopplevingar som passar for både små og store, Turen går igjennom Håkonarparken og statua av Håkon den Gode (laga av Anne Grimdalen, 1961). Her vert det fortalt om Håkon den gode og slaget på Fitjar i år 961. Vidare går turen til kongsbrunnen, og ved sørsida av kyrkja fortel vi om den gamle steinkyrkja som sto her. Siste stopp er Rimsvarden, som er ei stor bronsealder-røys. Her fortel vi om grava og kva som er funnet i den, mens du får du ei nydeleg utsikt utover havet. På kvart stopp er det lagt opp til ein skattejakt for dei minste.
Merking: Grønn løpe
Høgdeskilnad: 13 – 118 moh.
Tidsbruk. Om lag 1 time.
Lengde: 2 km.
Kjekk, gratis aktivitet for heile familien!
Møt opp ved Fitjarsjøen 2
Kvar søndag og torsdag heile ferien kl. 12:00 og 15:00